Røye
Røye
Røye
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Underfamilie: Salmoninae
Slekt: Salvelinus
Art: Røye S. alpinus
Vitskapleg namn
Salvelinus alpinus

Røye eller røyr er ein laksefisk som lever i kaldt vatn over heile den nordlege halvkula. Det er den nordlegaste ferskvassfisken me kjenner til, og var mest sannsynleg den første fisken som vandra inn i Noreg etter istida.

Ferskvassrøye finst over hele landet, og lever heile livet i ferskvatn. Han likar best kaldt, oksygenrikt vann. Sjørøya finst frå Nord-Trøndelag og nordover til Svalbard, og reknast som anadrom fordi ho i periodar vandrar ut i havet. Til saman finst det over 30 000 bestandar av røye i Noreg og norske farvatn.

Kjenneteikn endre

Røya ser ulik ut til ulike stadium i livet og i ulike bestandar, men ei rekkje trekk går att. Dei heilt yngste fiskane har mørke rygger med lys underside og store flekker på sidene. Desse såkalla fingermerka forsvinn og skifter til små, kvite flekker når fisken vert eldre og får blankare sider. Når røya skal gyta skifter fargen og vert mørkare med raud buk. Røye med sølvblank buk vert mange stader kalla for sølvrøye.

Røya er mellom 20-30 g til over 10 kg tung, men vekta ligg vanlegvis mellom 100 og 200 g. Eksemplar på opptil 107 cm er kjende.

Levesett endre

Røye lever stort sett i innsjøar, men dei førekjem stundom òg i elvar. Dei lever langsmed botnen som ungar, på djupare vatn i vassdrag med aure. Vaksen fisk kan både leva i ope vatn eller knytt til botnen. Som ung et røya botnlevande små krepsdyr og fjørmygglarver, når ho vert eldre tek ho òg dyreplankton, blautdyr og småfisk.

Røya gyter i innsjøar om hausten, i nordlege bestandar kan dei òg gjera det i elvar. Gytinga skjer på grusbotn, der hoa lagar gytegrop og grev ned rogna etterpå. Yngelen vert kjønnsmogen etter 2-10 år.

Kjelder endre

  • FishBase
  • Klemetsen, Anders: «Røye» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
  • Svenning, Martin A.: «Sjørøye» i Fisk i ferskvann - et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning Landbruksforlaget 2000

Bakgrunnsstoff endre