Alatna Valley (stundom feilaktig skrive Atlanta Valley) er ein isfri dal som ligg 6,5 km nord for Mount Gran og går aust-nordaust i kring 15 km langs søraustsida av Convoy Range. Han er ein av nordlegaste i McMurdo Dry Valleys. Parker Calkin, ein amerikansk geolog, gjorde stratigrafiske studiar i dalen i 1960–61. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names i 1963 etter tankskipet USNS «Alatna» som deltok i Operasjon Deep Freeze 1958–59 og 1959–60. Fleire andre stader i Convoy Range har fått namn etter skipsnamn.

Alatna Valley
dal
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 76°53′S 161°10′E / 76.883°S 161.167°E / -76.883; 161.167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Alatna Valley
76°53′00″S 161°10′00″E / 76.883333333333°S 161.16666666667°E / -76.883333333333; 161.16666666667
Alatna Valley is located in Antarktis
Alatna Valley (Antarktis)

Kjelder

endre