Alazani
Alazani (georgisk ალაზანი, aserbajdsjansk Qanıx) er ei elv som renn gjennom Kaukasus, og er ei av dei store sideelvene til Kura i austlege område av Georgia med ei lengd på 351 km. Delar av elva dannar grensa mellom Georgia og Aserbajdsjan, før ho møter Kura ved Mingəçevir-reservoaret.
Alazani | |||
elv | |||
Land | Georgia, Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 10 800 km² | ||
Lengd | 351 km | ||
Kjelde | Store Kaukasus | ||
Munning | Kura i Mingəçevir i Aserbajdsjan | ||
Alazani 42°25′18″N 45°14′03″E / 42.4216°N 45.2343°E | |||
Wikimedia Commons: Alazani River |
Alazani har sitt utspring i Store Kaukasus der to små elvar renn i hop like sør for ryggen. Ho renn først gjennom området Akhmeta mot sør, så gjennom den frodige Alazanidalen i Kakheti mot søraust. Alazani er senteret for georgisk vindindustri, og i fleire hundre år var det frå her persarane invaderte områda lenger nord.
Alazani tørkar som regel heilt ut om vinteren, men seint på våren, då snøen smeltar i fjella, vert ho særs stor, og fører ofte med seg flaum. Elvar vert hovudsakleg brukt for vatning og drikkevatn. På 1990-talet bygde kinesiske investorar eit lite vasskraftverk, som nyttar seg av den sterke straumen i Alazani. Elva er òg populær for rafting blant turistar.
Elva er noko forureina av uhandsama kloakk frå byar og andre busetjingar og jordbruksureining. I distrikta Kvareli og Lagodekhi er vasskvaliteten dårleg.
Alazani gjev òg namnet sitt til forskjellige georgiske vinar, mellom anna dei halvtørre vinane Marani Alazani Valley og Old Tbilisi Alazani.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alasani» frå Wikipedia på tysk, den 8. februar 2007.