Albany-nederlandsk

Albany-nederlandsk
Klassifisering: Kreolspråk
 Nederlandske kreolspråk
  Jersey-nederlandsk
Bruk
Utdøydd: 1900-talet
Språkkodar

Albany-nederlandsk (ned.:/eng. Albany Dutch) var ein nederlandsk dialekt som var i bruk frå 1600-talet og fram til rundt 1920, med nokre få brukarar heilt til 1940-åra.[1] Albany-nederlandsk var i bruk i den tidlegare nederlandske kolonien Ny-Nederland langs Hudsonelva[2] i den amerikanske delstaten New York. Området omfatta (delar av) fylka Orange, Putnam, Ulster, Dutchess, Greene, Columbia, Albany og Rensselaer. Ofte vert albany-nederlandsk omtalt som ein del av Jersey-nederlandsk, akkurat som mohawk- og Pella-nederlandsk og negroe dutch. Både denne og dei andre nederlandske dialektane i dette området utvikla seg frå nederlandsk slik det vart brukt på 1600-talet, uavhengig av den europeiske nederlandsken.

I ein del område var Albany-nederlandsk det einaste språket som vart brukt til langt inn på 1800-talet, medan engelsk ganske tidleg fekk ein dominant rolla i andre.

Kjelder endre

  1. Lowlands-L Arkivert 2007-08-04 ved Wayback Machine., 1 nov. 2002 (03), ISSN 189-5582, LCSN 96-4226
  2. Linguistic Geography of Pennsylvania (se Hudson valley)