Eit kreolspråk, eller berre kreol, er eit blandingsspråk (pidginspråk) som har fått morsmålstalarar. Språket vert dermed utvikla vekk frå dei avgrensa uttrykksmåtane i eit pidginspråk, og vert eit fullstendig språk med meir komplisert vokabular og grammatikk, og eit meir utbygd lydsystem. Dei fleste kreolspråka har likevel ei regelbunden og enkel formlære, og uttrykkjer grammatiske relasjonar meir ved eigne ord enn ved bøyingsformer. Kreolspråk er særleg utbreidd i Karibia, Surinam, Guyana, Vest-Afrika og Papua Ny-Guinea, og dei har vanlegvis eit sterkt islett av ord av germansk eller romansk opphav som er tekne over frå språket til ei tidlegare kolonimakt. Døme på kreolspråk er tok pisin (Papua Ny-Guinea), pitkairnsk (Pitcairn og Norfolkøya) og haitisk (Haiti). Sistnemnde har eit normert skriftspråk og er offisielt språk i Haiti.

Sjå òg endre

Kjelder endre