Albany i New York
Albany er hovudstaden i den amerikanske delstaten New York. Albany har opp under 100 000 innbyggjarar og er hovudsete for fylket Albany County. Albany ligg 233 km nord-austom byen New York City på vestbreidda av Hudson River.
Albany | |||||
---|---|---|---|---|---|
Med klokka frå toppen: Horisonten til Albany frå Rensselaer; mellomklassehus i Helderberg; Palace Theatre; Empire State Plaza frå Cultural Education Center; North Pearl Street ved Columbia Street; og State Quad ved SUNY Albany. | |||||
| |||||
Motto «Assiduity» (Iherdighet) | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | USA | ||||
Delstat | New York | ||||
Fylke | Albany County | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
56 km² 55 km² 1 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik |
97 856 1 747,4 /km² | ||||
Koordinatar | 42°39′9.34″N 73°45′26.33″W / 42.6525944°N 73.7573139°W | ||||
Høgd over havet | 0-99 m | ||||
Tidssone | EST (UTC-5) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 12201-12, 12214, 12220, 12222-32 | ||||
Telefon-retningsnummer | 518 | ||||
Heimeside: www.albanyny.org/ |
Byen har nære band til dei nærliggande byane Troy, Schenectady og Saratoga Springs, og i lag dannar dei ein region kalla Capital District. I 2010 hadde dette området kring 870 000 innbyggjarar og er det 58. største storbyområdet i USA.
Albany vart grunnlagd i 1614 av Dei sameinte Nederlanda og vart hovudstad i New York i 1797. Han er ein av dei eldste permanent busette stadane frå dei opphavlege tretten koloniane.
Historie
endreEngland tok byen frå Nederland i 1664, og gav han namnet Albany etter kong Jakob II som òg var hertug av Albany i Skottland.
I 1807 starta ein å køyre dampskip på Hudson River mellom Albany og New York City. Frå 1819 var byen forbunde med Dei store sjøane over Eriekanalen.
I 1831 byrja jarnbana å vekse fram som føretrekt transportmiddel. Lokomotivet DeWitt Clinton nytta berre 46 minutt frå Albany til Schenectady, og var inntil vidare det første damplokomotivet i heile New York.
Transport
endreMotorvegen I-87 knyter Albany til den sørlege delen av New York, og New York City (260 km). I nord går motorvegen til Montreal i Canada (350 km). Den andre motorvegen I-90 knyter byen til aust med Springfield, Massachusetts (140 km) og mot vest med Syracuse (230 km).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Albany (New York)» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2012.