Dampbåt

(Omdirigert frå Dampskip)

Ein dampbåt, eller eimbåt, er ein båt som vert driven av ei dampmaskin. I Noreg får dampskip nemninga DS framføre skipsnamnet.

Dampbåtar i Tyskland i 2006.

Historie endre

Dampbåt var opphavleg ei nemning på skip med kolfyrt dampmaskin som gradvis overtok etter seglskipa. Denis Papin tykkjest ha vore den fyrste som monterte ei dampmaskin i ein båt, i 1704. Verdas første kommersielle dampskip, North River Steamboat laga av Robert Fulton, i USA, blei sett i drift i 1807. I 1818 var DS «Savannah» det første dampskipet som kryssa Atlanterhavet frå USA til Europa — det vitja Arendal som siste europeiske hamn på heimreisa etter å ha vore i Stockholm og St. Petersburg. Dette var første gong nokon såg ein dampbåt i Noreg. Dei to første dampbåtane som blei tekne i bruk her i landet var DS «Constitutionen» og DS «Prinds Carl», hjuldamparar som blei sett i trafikk i 1826.

Frå 1860 blei dampbåtane bygd i jern. Utviklinga gjekk mot stadig større skip, og DS «Mauretania» som blei sjøsett i 1907 var på 45 000 tonn. I 1911 kom så DS «Olympic» og RMS «Titanic» på 60 000 tonn.

Døme på dampbåtar endre

Norske dampbåtar
Utanlandske dampbåtar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dampbåt
  Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.