Hudsonelva

(Omdirigert frå Hudson River)

Hudsonelva (engelsk Hudson River, mohikansk Muh-he-kun-ne-tuk) er ei elv i USA. Ho renn hovudsakleg gjennom delstaten New York, men markerer også ein del av grensa mellom New York og New Jersey. Hudsonelva har namn etter Henry Hudson, ein engelskmann som utforska elva i 1609.

Hudson
elv
Land  USA
Område New York
Sideelvar Mohawk
Lengd 507 km
Middelvassføring 606 /s
Munning Upper New York Bay i Atlanterhavet
Kart
Hudsonelva
44°06′24″N 73°56′09″W / 44.1067°N 73.9358°W / 44.1067; -73.9358
Elvene Hudson og Mohawk med nedbørsområdet markert med gult.
Elvene Hudson og Mohawk med nedbørsområdet markert med gult.
Elvene Hudson og Mohawk med nedbørsområdet markert med gult.
Wikimedia Commons: Hudson River
Hudsonelva sett frå Bear Mountain Bridge.

Kjelda til elva er Tear-of-the-Clouds-sjøen i Adirondackfjella. Ved Albany renn Mohawk-elva saman med henne, og deretter renn ho nesten rett sørover til ho munnar ut i Atlanterhavet mellom Manhattan i New York og New Jersey.

Eriekanalen, som blei opna den 26. oktober 1825, bind saman Hudsonelva og Eriesjøen, slik at byane ved Dei store sjøane fekk vasstilgang til Atlanterhavet.

Kjelder endre