Albedo 0.39
Studioalbum av Vangelis
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1976
Innspelt Nemo Studios, London, 1976
Sjanger Elektronisk, Progressiv rock
Lengd 42:30
Selskap Windham Hill RCA (LP) # 3017
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
La Fête sauvage
(1976)
Albedo 0.39 Spiral
(1975)


Albedo 0.39 er eit album av den greske musikaren Vangelis, gjeve ut i 1976. Det er eit konseptalbum om verdsrommet og astrofysikk. Albedo 0.39 var det andre albumet som vart produsert av Vangelis i Nemo Studios i London, der han spelte inn det meste av musikken sin fram til slutten av 1980-åra. I motsetnad til det førre albumet, Heaven and Hell, som var inspirert av klassisk musikk og kormusikk, har Albedo 0.39 preg av blues og jazz.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Albedo endre

Albedo syner til mengda lys som vert reflektert av attende til verdsrommet av ein planet. Albumtittelen referer til den gjennomsnittlege albedoen til jorda, slik denne var i 1976. Ein perfekt reflektor ville hatt ein albedo på 1 eller 100 %, medan jorda har ein albedo på 39 % eller 0,39.

På grunn av variasjon i solinnstråling, atmosfæren og andre faktorar, varierer albedoen til jorda.

Instrument endre

Vangelis spelar alle instrumenta sjølv. Det er uvisst kva for nokre synthesizerar Vangelis brukar på albumet, men andre instrument inkluderer akustiske trommer, bass, perkusjon, ein xylofon, ein gamelan (spor 2) og innspelingar av telefonur (frå Post Office communications) og månelandinga til Apollo (frå NASA). Det verkar som om Vangelis brukar forskjellige synthesizerar og akustiske bassar på forskjellige spor.

Den einaste vokalen er stemma på tittelsporet, som ikkje er ført opp på plateomslaget. Det har vist seg å vere lydteknikaren til Vangelis, Keith Spencer-Allen.

Oversyn endre

«Pulstar» (mogelegeins ei samantrekking av «pulsar» og «star») var det mest populære sporet på albumet, og byggjer på ein pulserande synthesizersekvens, ein hovudmelodi og forskjellige andre synthesizer-linjer. Han endar med lyden frå eit telefonur.

«Freefall» byggjer på ein gamelan-sekvens og ei synthesizerlinje.

«Mare Tranquillitatis» er eit roleg synthesizerstykke med lydklipp frå månelandinga til Apollo. Dette sporet er sampla av Enigma på albumet The Cross of Changes (uncredited).

«Main sequence» vert driven fram av pulserande synthesizer som i lag med trommer utviklar seg til eit jazz-stykke. Det roar seg og flyt over i neste song.

«Sword of Orion» er bygd opp av ein arpeggio-akkord, melodi og perkusjon.

På «Alpha» nyttar Vangelis ein komponeringsteknikk han brukte mykje på seinare album (t.d. Direct): eit enkelt tema på nokre få taktar som utviklar seg ved at det stadig vert lagt fleire instrument til. Instrumenta er ein langsam synthesizer-arpeggio, ei melodilinje frå synthesizer, xylofon perkusjon og (seinare) akustiske trommer. Det er eit heller livleg stykke.

«Nucleogenesis»-suiten er ein collage med ei mørkare stemning, som nyttar kyrkjeorgel, ein synthesizer-puls, forskjellige linjer med synthesizer-brass, akustiske trommer og bassar. Stykket verkar å ligge mellom klassisk musikk, fusion og progressiv rock.

Tittelsporet, «Albedo 0.39», er eit atmosfærisk spor som byggjer på synthesizer-akkordar og arpeggio, medan ei stemme fortel fysiske eigenskapar om jorda, som massen, lengda på året i forskjellige måleeiningar, og til slutt albedoen.

Innhald endre

All musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Pulstar»5:45
2.«Freefall»2:20
3.«Mare Tranquillitatis»1:45
4.«Main Sequence»8:15
5.«Sword of Orion»2:05
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Alpha»5:45
7.«Nucleogenesis (Part One)»6:15
8.«Nucleogenesis (Part Two)»5:50
9.«Albedo 0.39»4:30

Medverkande endre

  • Vangelis — synthesizerar, klaverinstrument, bass, trommer
  • Keith Spencer-Allen — lydteknikar, stemme på «Albedo 0.39»

Lister endre

Albumet nådde 18. plassen i Storbritannia.

I andre media endre

  • «Pulstar» vart nytta som kjenningsmelodi for barneprogrammet Horses Galore på BBC. Det vart òg nytta for SportsCenterESPN og nyhendeprogramma TV Patrol og The World Tonight på ABS-CBN.
  • Utdrag frå «Pulstar» og «Alpha» vert nytta i episodar av Carl Sagan sin dokumentarserie Cosmos, i lag med fleire andre Vangelis-tema.
  • Eit utdrag frå «Pulstar» vart nytta som kjenningsmelodi for BBC-dokumentaren Micro Men i 2009.
  • Utdrag frå «Pulstar» og «Alpha» vart nytta i filmen Death of a Princess i 1980. Trass i at filmen gjorde styresmaktene i Saudi-Arabia rasande, vart dei to spora lenge nytta som bakgrunnsmusikk for pausar på saudiarabisk fjernsyn.

Kjelder endre