Heaven and Hell av Vangelis

studioalbum av Vangelis
Heaven and Hell
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve Desember 1975
Innspelt September 1975 i
Nemo Studios i London
Sjanger Progressiv rock, new-age, klassisk
Lengd 43:14
Selskap RCA (original)/Windham Hill (nyutgjeving)
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Entends-tu les chiens aboyer? (1975) Heaven and Hell La Fête sauvage
(1976)


Heaven and Hell er det femte studioalbumet til den greske musikaren Vangelis, gjeve ut i 1975. Det vart kjent då «Movement 3» vart nytta som kjenningsmelodi TV-dokumentaren Cosmos: A Personal Voyage. Heaven and Hell var det første albumet Vangelis skreiv og spelte inn i hans eige Nemo Studios i London, studioet han nytta mellom 1975 og 1987.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Oversyn endre

Albumet har klassisk overtonar. Vangelis gjekk attende til ein klassisk stil ti år seinare på Mask (1985). Vangelis nyttar kor i delar av musikken i lag med elektroniske bølgjer av lyd, noko han òg gjorde på 1492: Conquest of Paradise og Mythodea. Vangelis hadde no gått bort frå den progressive rocken og dette var albumet der han etablerte seg sjølv som ein av dei fremste innan elektronisk musikk og new age.

Albumet markerer første gongen Vangelis og Jon Anderson samarbeidde, der Anderson syng på «So Long Ago, So Clear». Dei tok opp att samarbeidet nokre år seinare for eit heilt album. Songen vart gjeven ut som singel i USA med «Heaven and Hell Theme» som B-side.

Utgjeving endre

Heaven and Hell nådde 31. plassen på den britiske albumlista i januar 1976.

Av Allmusic fekk albumet nesten full score med 4,5 av 5 stjerner. Steven McDonald skreiv: «Dei som er van med den seinare og lettare synthesizermusikken til Vangelis, er kanskje ikkje klar for dette mørke, torande albumet. Det inneheld massar av gotiske kor og ei musikalsk skildring av alle plagene til dei fordømde, med ein imponerande bruk av strykar-drivne skrik. Likevel er dette glimrande verket noko som ikkje bør mangle i ei Vangelis-samling»[2]

«Movement 3» vart nytta som kjenningsmelodi i den populære fjernsynsserien til Carl Sagan kalla Cosmos: A Personal Voyage. Denne har ei melodilinje som minner om «Chariots of Fire».

Innhald endre

CD-versjonen endre

All musikk er komponert av Vangelis.

Nr.TittelLengd
1.«Heaven and Hell Part I» (inneheld «So Long Ago, So Clear» – 4:58)21:58
2.«Heaven and Hell Part II»21:16

LP-versjonen endre

Dei eldre LP-utgåvene hadde fleire detaljar i sporlista

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Bacchanale»4:40
2.«Symphony to the Powers B» (Movements 1 and 2)8:18
3.«Movement 3» (from Symphony to the Powers B)4:03
4.«So Long Ago, So Clear»5:00
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Intestinal Bat»3:18
6.«Needles and Bones»3:22
7.«12 O'Clock» (in two parts)8:48
8.«Aries»2:05
9.«A Way»3:45

Italiensk LP-utgåve endre

Den italienske utgåva hadde enno ei alternativ inndeling av plata, med andre namn på kvart spor.

Nr.TittelLengd
1.«Riff thing» 
2.«Heaven and Hell» 
3.«So long ago, so clear» 
Nr.TittelLengd
4.«Falcons» 
5.«Needles» 
6.«Friday Night» 
7.«J.F.» 
8.«Heavy» 

«So Long Ago, So Clear» er oppført i plateomslaga som eit eige spor i alle utgåver som er gjevne ut.

Medverkande endre

Kjelder endre

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Heaven and Hell (Vangelis album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «Allmusic review». 
  2. Steven McDonald. «Heaven and Hell». Henta 5. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre