Alberichbreen
Alberichbreen er ein liten isbre som flyt vestover frå Junction Knob mot austsida av Sykesbreen i Asgard Range i Victoria Land i Antarktis. Han er ein i ei gruppe i fjellkjeda som vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee frå norrøn mytologi. I tyske segner er Alberich ein allmektig konge, dverg og høvding i Nibelungen.
Alberichbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°36′S 161°36′E / 77.600°S 161.600°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Alberichbreen 77°36′S 161°36′E / 77.6°S 161.6°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Alberich Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).