Albert Åberg

barnebokfigur

Albert Åberg (på svensk Alfons Åberg) er ein litterær figur og hovudperson i ein serie barnebøker som er skriven og illustrert av den svenske forfattaren Gunilla Bergström.

Albert er ein liten, ganske vanleg gut, som bur saman med pappaen sin. Albert har ein oppdikta venn, Skybert, som berre Albert kan sjå.

Den fyrste boka om Albert Åberg, God natt, Albert Åberg, vart gjeven ut i Sverige i 1972. Det finst totalt 22 bøker som handlar om Albert Åberg, og dei er omsett til 29 ulike språk. På engelsk heter han Alfie Atkins, på tysk Willi Wiberg, på islandsk Einar Askell og på walisisk Ifan Bifan. Det er Tor Åge Bringsværd som omsette bøkene til norsk.

Albert Åberg finst også som teikna kortfilm. NRK har sendt serien ei rekkje gonger.

I 1992 stifta Rabén & Sjögren, det svenske forlaget som gjev ut bøkene om Alfons Åberg, barnekulturprisen Alfons-Bokalen.

Bakgrunnsstoff endre