Kong Albert II av Belgia (fødd 6. juni 1934 i Brussel) var konge av Belgia frå 1993 til han abdiserte i 2013. Han er den yngre sonen av kong Leopold III (1901-1983) og den fyrste kona hans Prinsesse Astrid av Sverige (1905-1935). Han høyrer til det tyske fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha. 21. juli 2013 abdiserte han til fordel for sonen hertug Philippe av Brabant. Etter abdikasjonen vil han framleis ha tittelen konge av Belgia.[1]

Albert II
Koning Albert bezoekt Voka Limburg.jpg
Fødd1934-06-066. juni 1934
Brussel i Belgia
TittelKonge av Belgia
Regjeringstid9. august 199321. juli 2013
FøregangarBaudouin
EtterfylgjarPhilippe
Alle titlarPrins av Liège (1934-1959)
Konge av Belgia
Fullt namnAlbert Félix Humbert Théodore Christian Eugène Marie
LandBelgia
MorAstrid
FarLeopold III
EktefellePaola Ruffo di Calabria
BarnPhilippe, Astrid av Belgia, Laurent av Belgia, Delphine Boël

Han etterfylgde den eldre bror sin, Baudouin, som belgisk konge. Før kroninga var han kjend som prins av Liège.

Han gifta seg 2. juli 1959 med Paola Ruffo di Calabria, dronning Paola.

Han og dronning Paola har tre barn:

Kong Albert har òg ei dotter utanfor ekteskap, Delphine Boel (fødd 1968), etter eit forhold med baronesse Sybille de Sélys Longchamps.

Mellom ordenane hans finst òg Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjoldEndra

Titlar og tiltaleformerEndra

  • 6. juni 1934–7. juni 1934: Prins Albert av Belgia
  • 7. juni 1934–9. august 1993: Prins Albert av Liège
  • 9. august 1993–21. juli 2013: Kong Albert II av Belgia
  • 21. juli 2013–i dag: Kong Albert II av Belgia

GalleriEndra

Albert II av Belgia

KjelderEndra

  1. Åse Marit Befring og Marit Kolberg (21. juli 2013). «Nå har de snart tre dronninger og to konger» (norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 21. juli 2013.