Monogram
Monogram er ei dekorativ samanstilling av bokstavar, gjerne førebokstavar, frå eit namn. Dei kan brukast som eigarmerke, signatur, dekorasjon og liknande. Konge- og dronningmonogram er krona og inneheld som regel føerbokstav og ordenstalet til fyrsten. Nokre gonger kan det utformast som spegelmonogram, det vil seia med teikna samanslynga i normal og omvend stilling til eit symmetrisk ornament.
Monogrammet til dronning Viktoria av Storbritannia (V R) på ein tallerken.
Monogrammet til Henrik Ibsen med bokstavane H og I.
Brodert monogram i hjørne av eit lommetørkle.
- Britisk yeoman warder (beefeater) i uniform med snitt frå tudortida. Drakta er dekorert med monogrammet til dronning Elisabeth II av Storbritannia (EIIR)Foto: Kjetil Bjørnsrud, 2002

Khi-Ro (XP) er eit monogram laga av dei to første bokstavene i det greske ordet for Jesus Kristus. Relieffet inneheld også eit Jesus-symbol i form av dei greske bokstavene alfa og omega, «byrjinga og slutten», som er nemnd i Bibelen.
KjelderEndra
- «Monogram» (16. desember 2011) i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Monogram» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2017.