Albert Pintat
(Omdirigert frå Albert Pintat Santolària)
Albert Pintat Santolària (fødd 23. juni 1943) er ein andorransk politikar og var statsminister i Andorra frå 30. mai 2005 til 3. juni 2009. Han er medlem av det liberale partiet Partit Liberal d'Andorra (Andorras liberale parti).
Albert Pintat | |||
| |||
Fødd | 23. juni 1943 (81 år) Sant Julià de Lòria | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Andorra | ||
Yrke | politikar, diplomat, samfunnsøkonom | ||
Utdanna ved | Université de Fribourg | ||
Verv | Statsminister i Andorra 2005-2009 | ||
Føregangar | Marc Forné Molné | ||
Etterfylgjar | Jaume Bartumeu | ||
Alle verv |
Pintat gjekk ut frå universitetet i Fribourg i Sveits i 1967 med ein grad i økonomi. Han var utanriksminister i Andorra frå 1997 til 2001 etter å ha vore ambassadør fleire stader, mellom anna i SN. Han vart statsminister etter at partiet hans fekk 41,2 % av røystene og 14 av 28 mandat i nasjonalforsamlinga ved valet 24. april 2005.
Denne samfunnsartikkelen som har med Andorra å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.