Alberto García Aspe
Alberto García Aspe Mena (fødd 11. mai 1967 i Mexico by) er ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte på midtbanen. García Aspe hadde det meste av karrieren i heimlandet, der han mellom anna representerte UNAM Pumas og Necaxa. Med både Pumas og Necaxa var han med om å vinne det meksikanske meisterskapen. Han spelte òg på leiebasis, for River Plate i den argentinske ligaen.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Alberto García Aspe Mena | ||
Fødd | 11. mai 1967 (57 år) | ||
Fødestad | Mexico by i Mexico | ||
Høgd | 169 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1984–1991 1991–1997 1995 1997–1999 1999–2002 |
UNAM Pumas Necaxa → River Plate (lån) América Puebla |
180 (40) 185 (69) 5 (0) 66 (11) 97 (29) | |
Totalt | 533 (149) | ||
Landslag | |||
1988–2002 | Mexico | 109 (21) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
García Aspe nådde over ein periode på 14 år å spele hele 109 kampar for Mexico og skåra 21 mål. Den fyrste landskampen hans var ein privatkamp mot Honduras den 26. april 1988, medan den siste opptredenen hans var i VM-åttedelsfinalen mot USA den 17. juni 2002. Han representerte sitt land ved ein rekke internasjonale sluttspel inkludert VM i USA i 1994, VM i Frankrike 1998 og VM 2002 i Sør-Korea og Japan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er byggjar på «Alberto García Aspe frå Wikipedia på dansk, den 21. april 2020.
- National-football-teams[daud lenkje]