Albertsbreen
Albertsbreen er ein isbre med store bresprekkar i Antarktis. Han er kring 13 km lang, og flyt aust frå Avery Plateau i Graham Land, før han flyt ut i Millfjorden mellom Balchbreen og Southard Promontory. Isbreen vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1968. Han vart skissert frå bilete av Directorate of Overseas Surveys i 1980, og plassert på kartet frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey i 1947–57. I samband med at stadnamn i området vart kalla opp etter historikarar, vart han namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Fred G. Alberts, ein amerikansk toponymist, og sekretær i Advisory Committee on Antarctic Names 1949–80.
Albertsbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Trinityhalvøya | ||
- koordinatar | 66°52′S 64°53′W / 66.867°S 64.883°W | ||
Lengd | 13 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Albertsbreen 66°52′00″S 64°53′00″W / 66.8667°S 64.8833°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Albertsbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).