Alby gard

(Omdirigert frå Alby gård)

Koordinatar: 59°25′27.944″N 10°36′36.436″E

Alby gard er den eldste garden på Jeløy i Moss kommune

Galleri F15 ved Alby.
Foto: Gisle Haakonsen
Hagen på Alby.
Foto: Gisle Haakonsen

Garden har røter tilbake til tidleg vikingtid. Hovudbygningen blei gitt sin nåverande form etter ein brann i 1866, og i 1963 kjøpte kommunen garden av den siste private eigaren, skipsreiar Biørn Biørnstad. I dag leiger Galleri F 15 berre hovudbygningen, mens stabburet blir disponert av fylkesmannen som Jeløy Naturhus, og jorda blir forpakta bort.

Jeløy er også eit spesielt område med særeigen natur. Søre Jeløy landskapsvernområde blei til i 1983, og er med på å bevare det historiske preget på landskapet.

Park og anleggEndra

Parken på Alby består av ein plen med frukt og akasietre. Parken er konstruert slik at besøkjande skal få kjensla av å vera på ei strandtomt ved at ein voll skjuler åkerar nedanfor som ligg mellom parken og sjøen.

TurområdeEndra

Skogen som ligg ved Alby er eit populært turområde. Det er opparbeidt stigar som gjer området lett tilgjengeleg, også for rørslehemma.

I Albyskogen er Rødsåsen der ein på klare dagar kan sjå skibakken i Holmenkollen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra