Alcalá de Guadaíra
Alcalá de Guadaíra er ein by om lag 10 km søraust for Sevilla i Spania. I nyare år har Alcalá vorte ein forstad til Sevilla. Alcalá vart tidlegare kalla Alcalá de los Panaderos (Bakarane sin Alcalá) fordi dei produserte det meste av brødvarene for Sevilla. Byen ligg ved breidda av elva Guadaíra og ei vassmølle bygd under maurarane finst framleis i området.
Alcalá de Guadaíra | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Andalucía | ||||
Provins | Sevilla | ||||
Borgarmeister | Antonio Gutiérrez Limones | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
284,61 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
68 452 240,5 /km² | ||||
Koordinatar | 37°20′N 5°51′W / 37.333°N 5.850°W | ||||
Høgd over havet | 46 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 41500 | ||||
Nettstad: www.ciudadalcala.org |
Historie
endreByen vart kalla Hienipo av tidlege greske busetjarar og seinare Hienipensis av romarane. Funn frå begge desse kulturane er oppdaga av arkeologar. Alcalá vart erobra av muslimske busetjarar på 600-talet og namnet dei gav byen har halde ved sidan den gong. Alcalá de Guadaíra var under dei muslimske herskarane i al-Andalus (og seinare taifaen Sevilla) fram til han vart erobra av almohadane, som bygde omfattande festningsverk rundt byen. Desse festningane på eit nes oppfor elva dominerer framleis sørvestsida av byen. I 1244 vart Alcalá de Guadaíra erobra av Ferdinand III av Castilla. Kong Ferdinand pussa opp borga og festningsverket. Det vart så nytta som kongeleg fengsel med militære vakter. Etter Ferdinand døydde fall det i ruinar.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alcalá de Guadaíra» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2009.