Aldanelva
Aldan (russisk Алдан) er ei elv i Sakha i Russland og den nest lengste sideelva til Lena frå høgre. Elva er 2273 km lang og har eit nedslagsfelt på 729 000 km². Elva har ei middelvassføring på 5060 m³/s. Elva er farbare for båttrafikk frå munningen og 1600 km oppover elva.
Aldan | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 729 000 km² | ||
Lengd | 2 273 km | ||
Middelvassføring | 5 060 m³/s | ||
Kjelde | Stanovojfjella | ||
Munning | Lena | ||
Aldanelva 56°25′28″N 123°47′44″E / 56.424444444444°N 123.79555555556°E | |||
Nedslagsfeltet til Aldan
| |||
Wikimedia Commons: Aldan River |
Elva spring ut frå Stanovojfjella, sørvest for Nerjungri. Ho renn så nordaustover forbi Aldan og gjennom Tommot, Ust-Maja, Eldikan og Khandyga, før ho snur mot nordvest og munnar ut i Lena rundt 150 km nord for Jakutsk.
Dei største sideelvane hennar er Amga, Utsjur og Maja. Nedslagsfeltet er kjend for førekomstar av gull og for kambriske fossil.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aldan (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2008.