Aldor Ingebriktsen
Wilhelm Aldor Ingebriktsen (16. februar 1888–14. november 1952) var ein fiskar og Arbeidarparti-politikar frå Tromsøysund. Han var stortingsreprsentant frå 1922 til han døydde i 1952.
Aldor Ingebriktsen | |
![]() | |
Fødd | 16. februar 1888 |
---|---|
Død | 14. november 1952 (64 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Aldor Ingebriktsen var son til ein fiskar og gardbrukar på garden Lyfjord på Kvaløya i dåverande Tromsøysund kommune. Han tok sjølv til som fiskar i 1901, og kjøpte fiskeskøyte i 1907. Inspirert av Alfred Eriksen var han aktiv i organiseringa av fiskarane. Frå 1916 var han formann i Nord-Norges fiskerforbund, ein posisjon han hadde til 1939. Samstundes tok han del i lokalpolitikken i Tromsøysund. Hausten 1921 vart Ingebriktsen vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og vart sidan attvald sju gongar. På Stortinget var han ein iherdig talsmann for nordnorske interesser, frå 1945 til -50 som formann medlem av post-, telegraf- og kystfartkomitéene. Sidan var ha medlem av samferdslekomiteen til han døydde hausten 1952. Ingebriktsen var fiskeriinspektør for Troms fylke frå 1939 til han døydde, med unnatak for ei tid under verdskrigen.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Aldor Ingebriktsen» frå Wikipedia på bokmål, den 1. september 2013.
LitteraturEndra
- Ivan Kristoffersen:Aldor : kystens og fiskernes høvedsmann Tiden Oslo 1993 ISBN 82-10-03680-7
- Asbjørn Jaklin:Nordlendinger til tusen Bd 2 ISBN 82-91668-15-9