א

(Omdirigert frå Alef)
Det hebraiske alfabetet

א ב ג ד ה ו ז ח ט י כ ל מ נ ס ע פ צ ק ר ש ת

א, eller alef, er den første bokstaven i det hebraiske alfabetet. Lydverdien til alef er ustemd glottal lukkelyd, og bokstaven blir gjerne transkribert som «’». I mange former av hebraisk uttale er alef for stum konsonant å rekne. Alef har talverdien éin.

I matematikken vert alef nytta som symbol for kardinaltal.