Aleksandr Kotov

(Omdirigert frå Aleksander Kotov)

Aleksandr Aleksandrovitsj Kotov[a] (12. august 19138. januar 1981) var ein sovjetisk sjakkspelar, Stormeister i sjakk og forfattar av sjakkbøker. Han var sovjetmeister i sjakk og spelte to gongar i kandidatturneringa der vinnaren spelar tvikamp om verdsmeisterskapen i sjakk. Han var ein produktiv og populær forfattar av sjakkbøker, der fleire er rekna som klassikarar. Han hadde høge posisjonar i det sovjetiske sjakkforbundet under den kalde krigen. Dette kjem til dels til syne i bøkene, der sovjetsystemet blir framheva, og der han til dømes er kritisk mot spelarar frå USA medan spelarar frå Sovjetunionen gjerne får ein meir fordelaktig omtale.

Aleksandr Kotov

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 12. august 1913
Tula
Død

8. januar 1981 (67 år)
Moskva

Yrke sjakkspelar, faglitterær forfattar
Medlem av Den sovjetiske forfatterforeningen
Aleksandr Kotov på Commons

Kotov sine bøker hylla også sovjetsystemet generelt. I ei bok frå 1958, The Soviet School of Chess, som han skreiv saman med Mikhail Judovitsj, står det at:

«Den sovjetiske sjakkskulen har stige til toppen av toppen av sjakkverda som eit logisk resultat av sosialistisk kulturell utvikling.»

Slike setningar var så kontroversielle, at då boka vart gitt ut på engelsk i 1961, så skreiv utgjevaren fremst i boka denne åtvaringa til vestlege lesarar:

«...slik litteratur, til hjelp når vi skal forstå spelet, er svært ofte skjemt av å vere vridd. Utgjevaren av denne Dover-utgåva ber lesarane vere merksame på dei progagandagrepa som blir brukt av Sovjetunionen, jamvel om sjakkhistoria.»

Når ein ser bort frå slike politiske avsporingar, så er Kotov sine bøker informative og fulle av innsikt. Han illustrerer poenga sine med historier om hendingar som har skjedd med kjende stormeistrar, dei fleste av desse kjende han personleg. Bøkene er dermed underhaldande og lettleste, og dette har medført at bøkene framleis er populære.

Tidleg liv endre

Kotov var fødd i Tula i tsar-Russland i ein stor arbeidarklassefamilie. Han flytta til Moskva i 1939 for å studere til ingeniør. Under den andre verdskrigen arbeidde han i rustingsindustrien, og fekk Leninordenen for konstruksjonen av ein granatkastar.

Sjakkarriere endre

Kotov er i dag mest kjend som forfattar. Men han var også ein svært sterk spelar, med fleire gode resultat. Eit av dei beste tidlege resultata var ein andreplass i Sovjetmeisterskapen i sjakk i 1939, der siste runde avgjorde at Mikhail Botvinnik vart meister.

Resultatet gav han den sovjetiske stormeistertittelen, som den tredje sovjetspelaren som fekk tittelen etter Botvinnik og Gregorij Levenfisj.

Kotov vann Sovjetmeisterskapen for 1948 saman med David Bronstein, og han vann ei turnering i Venezia i 1950, framom Vasilij Smyslov.

Han vart tildelt tittelen Internasjonal Stormeister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE i 1951. På denne tida hadde også Kotov høge posisjonar i det sovjetiske sjakkforbundet.

I den første Kandidatturneringa i 1950 i Budapest klarte han 8,5/18. Han kvalifiserte seg for turneringa ved å bli nummer fire i intersoneturneringa i Stockholm i 1948, med 11,5/19.

Det beste resultatet i karrieren var truleg i intersoneturneringa i Saltsjöbaden i 1952, som han vann med heile 16,5/20, utan tap, tre heile poeng framom Tigran Petrosjan og Mark Taimanov på andreplass. Skåren på 82,5 % er rekord for intersoneturnerinane. I den påfølgjande Kandidatturneringa i Zürich tok han 14/28, og var den einaste som klarte å slå turneringsvinnaren Smyslov.

Kotov splte for Sovjetunionen i sjakkolympiadene (lag-VM i sjakk) 1952 og 1954, der han bidrog til at laget vann gull. Han var andrereserve begge gongane. I Helsingfors 1952 skåra han 2/3, i Amsterdam 1954 vart det 4/6. Etter 1960 spelte han berre turneringar utanfor Sovjetunione. Han delte førsteplassen med Svetozar Gligorić i Hastings i 1962, eit halvt poeng framom Smyslov. Kotov spelte svært få turneringar etter dette.

Forfattar endre

Kotov var ein stor beundrar av Verdsmeisteren i sjakk Alexander Alekhine, og skreiv eit omfattande fire binds biografisk verk om Alekhine sitt liv og karriere, utgitt i åra 1953 til 1958. Bøkene bidrog i stor grad til ei rehabilitering av Alekhine i Sovjetunionen.

Trilogien Think Like a Grandmaster, Play Like a Grandmaster, og Train Like a Grandmaster, er dei best kjende bøkene han skreiv, der Think Like a Grandmaster, omsett frå russisk til engelsk og utgitt første gong i 1971 har vore særleg populær. Boka handlar ikkje om plasseringa av brikkene på brettet eller taktiske motiv, men meir om korleis ein skal tenke under eit sjakkparti. Kotov tilrår å finne kandidattrekk, og metodisk undersøke dei, for å bygge opp eit analysetre, i ettertid ein velkjend framgangsmåte.

Kotov bidrog til den jugoslaviske serien Encyclopedia of Chess Openings (ECO), som starta i 1974, og kommenterte sjakkparti til Chess Informator-serien.

Kotov døydde i Moskva i 1981.

Spelestil endre

Kotov utvikla ein skarp spelestil, og var ikkje redd for komplikasjonar på sjakkbrettet, gjerne mot dei sterkaste motstandarane. Han spelte lukka opningar med kvit, og gjerne Siciliansk forsvar med svart.

Minneverdige parti endre

Bøker endre

  • Alexander Alekhine av Alexander Kotov, fire bind, Moskva, 1953-1958.
  • The Art of the Middle Game, av Paul Keres og Alexander Kotov (omsett frå russisk ved Harry Golombek), London, Dover 1962, ISBN 0-486-26154-9
  • Think Like a Grandmaster, av Alexander Kotov (omsett frå russisk ved Bernard Cafferty), London, Batsford 1971, algebraisk utgåve 2003) ISBN 0-7134-7885-3
  • Play Like a Grandmaster, av Alexander Kotov (omsett frå russisk ved Bernard Cafferty), London, Batsford 1973, algebraisk utgåve 2003) ISBN 0-7134-1807-9
  • World Championship Interzonals: Leningrad -- Petropolis 1973, av R.G. Wade, L.S. Blackstock og Alexander Kotov, New York, RHM Chess Publishing 1974, ISBN 0-213-42851-2
  • Train Like a Grandmaster, av Alexander Kotov (omsett frå russisk ved Bernard Cafferty), London, Batsford 1981, ISBN 0713436099
  • Chess Tactics, av Alexander Kotov (omsett frå russisk og redigert av John Littlewood), London, Batsford 1983, ISBN 0-7134-2562-8
  • Grandmaster at Work, av Alexander Kotov (første engelske utgåve), Macon, American Chess Promotions 1990, ISBN 0-939298-86-4
  • The Soviet School of Chess, av Alexander Kotov og Mikhail Yudovich, Los Angeles, University Press of the Pacific 2001, ISBN 0-89875-415-1

Sjå også endre

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Алекса́ндр Алекса́ндрович Ко́тов

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre