Aleksandr Jelizarov

Aleksandr Matvejevitsj Jelizarov (fødd 7. mars 1952) er ein tidlegare skiskyttar, fødd i landsbyen Vjazovka i Penza oblast, som representerte Sovjetunionen. Han vann OL-gull 1976 og VM-gull 1977 med sovjetiske stafettlag, i alt tok han seks VM-/OL-medaljar i åra 1975-77.

Aleksandr Jelizarov

Aleksandr Jelizarov i 2011
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 7. mars 1952 (72 år)
Sosnovoborsky District
Yrke skiskyttar, trenar
Språk russisk
Aleksandr Jelizarov på Commons

Aktiv

endre

Jelizarov tok sølvmedaljen på 10 km under VM i skiskyting 1975 i Antholz, einast slått av landsmannen Nikolaj K. Kruglov. Seinare i meisterskapen gjekk dei to utøvarane på Sovjetunionen sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett.

Få dagar før Vinter-OL 1976 tok til i Innsbruck, arrangerte det internasjonale skiskyttarforbundet VM i skiskyting 1976 i italienske Antholz. 10 km sprint var einaste VM-øvinga, sidan ho ikkje hadde kome inn som OL-øving. VM-tevlinga enda med tre sovjet-utøvarar på pallen; Aleksandr Tikhonov vann 3,3 sekundar føre Jelizarov, med Nikolaj K. Kruglov på bronseplass. Under dei olympiske leikane i Innsbruck gjekk Jelizarov fyrst inn til bronsemedalje på 20 km, før han gjekk startetappen for Sovjetunionen i skiskytingsstafetten. Etter ein godt gjennomført etappe fylgde Ivan Bjakov, Kruglov og Tikhonov opp med solide etappar, dermed kunne sistnemnde passere mållinja nærare fire minuttar føre Finlands sølvvinnar.

I sitt siste internasjonale meisterskap, VM i skiskyting 1977Vingrom, vart Jelizarov nummer 17 på 10 km, men fekk gå startetappen for Sovjetunionen i 4 x 7,5 km stafett. Saman med Aleksandr Usjakov, Nikolaj K. Kruglov og Aleksandr Tikhonov tok stafettgull framom Finlands mannskap.

Jelizarov vart sovjetmeister på 10 km i 1973 og 1975.

Kjelder

endre