Aleksandr Litovtsjenko
Aleksandr Dmitrijevitsj Litovtsjenko (26. mars 1835–28. juni 1890) var ein ukrainskfødd russisk målar som spesialiserte seg i å skildre det moskovittiske Russland av det 16. og 17. hundreåret. Han var fødd i Kremensjuk og døydde i St. Petersburg.
Aleksandr Litovtsjenko | |
Verkeleg namn | Александр Дмитриевич Литовченко |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 14. mars 1835 Krementsjuk |
Død |
16. juni 1890 (55 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | historiemåleri |
Aleksandr Litovtsjenko på Commons |
Liv og gjerning
endreLitovtsjenko studerte ved St. Petersburgs kunstakademi. Trass i at han vart kritisert av sine medstudentar for heller oppstylta komposisjonar, vart han tildelt ei mindre gullmedalje for si framstilling av Karon som ror sjelene etter dei døde over Styx. Saman med fleire andre yngre målarar utfordra han akademismen som var rådande ved kunstakademiet. I 1863 forlet han dette for å drive som målar. Han gjekk med i Peredvizjnikij-rørsla i 1876.
I 1868 vart Litovtsjenko godkjend som akademi-målar for eit bilete av ein falkoner som var tilsett ved hoffet til tsar Aleksej. Mellom dei større verka hans, vart Ivan den skrekkelege viser sine skattar til Jerome Horsey (1875) erverva av tsaren til Russlands Museum i St. Petersburg. Tsar Aleksej og erkebiskop Nikon ærar dei jordiske leivningane av patriarken Filip (1886) vart kjøpt av Pavel Tretjakov til Tretjakovgalleriet i Moskva, til liks med dei beste portretta Litovsjenko hadde måla.
Litovtsjenko vert også hugsa som opphavsmann til sju veggmåleri i Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva, og for ein serie ikonar til minnesmerket over Krimkrigen i Sevastopol.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alexander Litovchenko» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2010.