Aleksandr Vladimirovitsj Popov (fødd 22. februar 1965) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Tobolsk som konkurrerte for Sovjetunionen og Kviterussland. Mellom 1987 og 1997 vann han fire VM-gull i lagøvinga og ein olympisk gullmedalje i stafett, samt fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i stafett i ulike VM og OL-arrangement. Individuelt fekk han med seg ein sølvmedalje frå 20 km i VM 1991. Sidan 1999 har han vore hovudtrenar for det kviterussiske skiskyttarlandslaget.

Aleksandr Popov
Verkeleg namn Александр Владимирович Попов
Statsborgarskap Russland, Belarus
Fødd 22. februar 1965 (59 år)
Tobolsk
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, biathlon at the 1988 Winter Olympics – relay, biathlon at the 1992 Winter Olympics – men's relay

Utmerkingar

Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Aktiv endre

Popov gjekk i åra 1987-92 på fem av dei seks siste stafettlaga som Sovjetunionen stilte med i den årlege verdsmeisterskapen i skyting, eller i dei olympiske leikane. Desse meisterskapane gav han ein olympisk meisterskapstittel i 1988, og fire ulike VM-sølv. I dei individuelle tevlingane i dei same meisterskapane lukkast han lite, fyrst under verdsmeisterskapen 1991 blanda han seg inn i medaljekamp. På 20-kilometeren i Lahti fekk han VM-sølv, fem sekund føre Eirik Kvalfoss på bronseplass og eit lite halvminutt bak Mark Kirchner som representerte Tyskland.

Frå 1992 og fram til 1998 gjekk Popov inn til ei rad fjerdeplassar i OL og VM-samanheng, både i individuelle øvingar, men særleg i stafettar. Likevel fekk han med seg eit OL-sølv i stafett 1992 og to bronsemedaljar i same; 1995 og 1996.

I 1989, hans beste sesong i verdscupen i skiskyting, vart Popov nummer to samanlagt etter Eirik Kvalfoss. Også i 1987 og 1992 var han høgt plassert i totalen i verdscup-turneringa.

Frå og med 1993-sesongen tevla han for Kviterussland.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre