Aleksej Arkhipovitsj Leonov (30. mai 193411. oktober 2019) var ein sovjet-russisk romfarar frå Tusilskij-distrikt i det vestlege Sibir. Den 18. mars 1965 vart han det fyrste mennesket som gjennomførte ei romvandring.

Aleksej Leonov i 1974

Leonov deltok i Voskhod 2-romferda i mars 1965. Under denne ferda steig han ut av romskipet og oppheldt seg i 12 minuttar og 9 sekundar ute i verdsrommet, med eit snøre til romskipet.

I juli 1975 var Leonov kommandør på romskipet Sojuz 19, eit fartøy som i to døgn var sambunde med eit USA-amerikansk Apollo-romskip.

Kjelder endre