Opna hovudmenyen

Alessandro Nesta (fødd 19. mars 1976) er ein italiensk fotballspelar frå Roma. Nesta har spela for dei italienske klubbane SS Lazio og AC Milan. I 2006 var han med å vinne verdsmeisterskapen i fotball. Han spela då sin 78. og siste landskamp for Italia. To gongar vann han Meisterligaen med AC Milan og ein gong Cupvinnarcupen med Lazio. Dessutan har han vore med å vinne tre italienske sereiemeisterskap og tre italienske cupmeisterskap. I alle år var Nesta midtstoppar.

Alessandro Nesta
Montreal Impact Alessandro Nesta 2013.jpg
Alesaandro Nesta i 2013
Fullt namn Alessandro Nesta
Fødd 19. mars 1976 (43 år)
Roma i Italia
Høgd 187 cm
Posisjon Forsvar
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1993-02
2002-12
2012-14
2014
Lazio
Milan
Montréal Impact
Chenniyain
193 (1)
224 (7)
31 (3)
3 (0)
Landslag
1996-06 Italia 78 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Innhaldsliste

KlubbspelEndra

Nesta debuterte for Lazio i Serie A den 13. mars 1994, i ein kamp mot Udinese. Fram til 2002 spela han 193 kampar og skåra eitt mål for Lazio. Sommaren 2002 gjekk han til AC Milan og spela for den klubben i ti sesongar. Gjennom dei ti åra skåra han sju gongar på 222 kampar.

LandslagsspelEndra

Nesta debuterte for Italia mot Moldova 5. oktober 1996. Under EM i fotball 2000 var han med då Italia tapte finalen 2-1 for Frankrike, det avgjerande målet kom i ekstraomgangane. I si siste store meisterskapsturnering, VM i fotball 2006, vart han verdsmeister då Italia vann straffeskytinga over Frankrike, etter ein kamp som enda 1-1. Han spela då sin 78. og siste landskamp, utan nokon gong å han skåra eit landslagsmål.

Meistertitlar og medaljarEndra

  • VM-gull 2006 for Italia
  • EM-sølv 2000 for Italia
  • Vinnar av Meisterligaen 2003 og 2007 med AC Milan
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1999 med SS Lazio
  • Italiensk seriemeister med SS Lazio 2000 og AC Milan 2004 og 2011
  • Vinnar av den italienske fotballcupen med SS Lazio 1998, 2000 og med AC Milan 2003

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra