Aleutargropa er ein subduksjonssone og djuphavsgrop som går langs sørsida av Alaska og havområda utanfor kysten av Kamtsjatkahalvøya i Sibir. Ho vert klassifisert som ei «randgrop» i aust sidan ho går langs randa av kontinentet. Gropa er 3400 km lang frå eit trippelpunkt i vest med Ulakhanforkastinga og Kuril-Kamtsjatka-gropa til Queen Charlotte-forkastinga i aust. Aleutargropa dannar grensa mellom to jordskorpeplater. Her forsvinn Stillehavsplata under den nordamerikanske plata med ein vinkel på nesten 45º. Den djupaste delen av Aleutargropa er målt til 7679 meter. Nord for gropa går ei rekkje vulkanar og øyar som er danna der jordskorpa har smelta.

Aleutargropa
djuphavsgrop
Land  Russland
Kart
Aleutargropa
52°N 172°E / 52°N 172°E / 52; 172
Kart som viser Aleutargropa.
Kart som viser Aleutargropa.
Kart som viser Aleutargropa.
Wikimedia Commons: Aleutian Trench

Kjelder

endre