Stillehavsplata er ei jordskorpeplate som ligg under Stillehavet. Med eit areal på 103 millionar kvadratkilometer er ho den største jordskorpeplata.[1]

██ Stillehavsplata, synt i lys gult.

Nordaustsida dannar ei divergent grense med Explorerplata, Juan de Fuca-plata og Gorda.plata, som kvar for seg dannar Explorerryggen, Juan de Fuca-ryggen og Gordaryggen. Midtvegs på austsida grensar ho med Den nordamerikanske plata langs San Andreas-forkastinga, og ein grense med Cocosplata. Søraustsida er ei divergent grense med Nazcaplata som dannar Aust-Stilehavsryggen.

Sørsida er ei divergent grense med Den antarktiske plata som dannar Stillehavs-Antarktisryggen

Vestsida grensar mot Okhotskplata ved Kuril-Kamtsjatka-gropa og Japangropa, og dannar ein konvergent grense med subduksjon under Filippinhavsplata som har skapt Marianagropa. Ho har ei transform grense med Carolineplata og ein kollisjonsgrense mot Nord-Bismarckplata.

I sørvest er grensa komplisert, men generelt konvergerande med Den indoaustralske plata, med subduksjon under denne plata nord for New Zealand som dannar Tongagrupa og Kermadecgropa. Alpineforkastinga markerer ei transform grense mellom desse to platene og lenger sør glir Den indoaustralske plata under Stillehavsplata og dannar Puysegurgropa. Den sørlege delen av Zealandia. som ligg aust for denne grensa, er den største blokka av kontinentalskorpe for plata.

Nordsida er ei konvergent grense som glir under Den nordamerikanske plata og dannar Aleutargropa og den tilhøyrande øygruppa Aleutane.

Kjelder endre

  1. «SFT and the Earth's Tectonic Plates». Los Alamos National Laboratory. Arkivert frå originalen 17. februar 2013. Henta 27 February 2013. 

Bakgrunnsstoff endre