Opna hovudmenyen

Aleutiastraumen, òg kalla Den subarktiske straumen, er ein havstraum som går austover, mellom Aleutane og 42° N. Aleutiastraumen ligg nord for Nordstillehavsstraumen. Han er ei nordleg grein av Kuroshiostraumen som går nordaustover og så austover mellom 40° N og 50° N. Når han nærmar seg kysten av Nord-Amerika deler han seg og dannar den nordlege Alaskastraumen og den sørlege Californiastraumen.[1]

KjelderEndra

  1. «Aleutian Current». Encyclopædia Britannica Online. Henta 10. august 2015.