Ein havstraum er ei meir eller mindre framhaldande rørsle av havvatn i eit fast mønster. Det er fleire ulike typar krefter som held i gang vassrørslene i hava, jordrotasjonen, månegravitasjonen og variasjon av vasstettleik skapt av ulikskap i temperatur og saltinnhald. Konturar av havbotn, kystlinjer og andre straumar påverkar òg retning og styrke på ein havstraum.

All the world's currents on a continuos ocean map

Skildring endre

Straumen i havet kan flytte havmassar tusenvis av kilometer. Straumane er svært viktige for klimaetkontinenta, spesielt i kystregionar. Det mest slåande eksempelet kan vere Golfstraumen som syter for at Nordvest-Europa er meir temperert enn andre regionar på same geografisk breidd. Eit anna døme er Hawaii-øyane kor klimaet er subtropisk og relativt kjølig i forhold til breiddegraden grunna Californiastraumen.

Som regel er overflatestraumane drivne av vinden og dei utviklar den typiske spiralen i urvisarretninga på den nordlege halvkula, og imot urvisaren på den sørlege grunna påtrykk frå vinden. I slike vinddrivne straumar vil Ekman-spiraleffekten resultere i at straumen flyt i ein vinkel i forhold til vindretninga. Området som havstraumane famnar om flyttar seg sesongmessig, dette er mest synleg i ekvatoriale straumar.

Djupe havstraumar er drivne av temperaturgradient og gradient i tettleik. Termohalin sirkulasjon, òg kjent som transportbandet i havet, referer til djupe tettleiksdrivne straumar i havbasseng (havbotnbekken). Desse straumane er òg kalla undervasselver fordi dei flyt under havoverflata og er løynt for direkte oppdaging. I seinare tid har termohalin-sirkulasjonane vore utforska med hjelp av nedsenka utstyr som styrer djupna si etter målt tettleik i havvatnet. Område for oppvelling og nedvelling er områda i havet kor det er observert utsegnskraftige vertikale rørsler i havet.

Måling av havstraumar endre

Ei mykje nytta eining for måling av volumtransport (flytrate) i havstraumar er eininga sverdrup (Sv). Ein Sv svarar til ein transport av ein million kubikkmeter vatn pr. sekund eller omtrent samla avrenning frå alle verdas elver. Forskarar har målt styrken på Golfstraumen utanfor Stadlandet og har funne at han varierer i styrke frå 3 Sv i gjennomsnitt i år 2001 til 5,3 Sv året etter.

Viktig for menneske og livet i havet endre

Innanfor skipsfarten er kunnskap om havstraumar vesentleg for å redusere brennstoffkostnadar. I seglskutetida var denne kunna til og med enda meir naudsynleg. Eit døme er Agulhasstraumen som lenge hindra portugisiske sjøfolk i å komme fram til India. Enda i dag nyttar verdas sjøfolk havstraumane ut til sitt føremon.

Havstraumane har og stor verd for vandringa åt fleire livsformer, eit døme er livssyklusen for ål.

 
Kart over havstraumar frå 1911
 
Kart over havstraumar frå 1943

Viktige havstraumar: endre

Nordishavet endre

Atlanterhavet endre

Stillehavet endre

Indiahavet endre

Sørishavet endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre