Alexándria
Lokalt namn Αλεξάνδρεια
Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 40°38′N 22°27′E / 40.633°N 22.450°E / 40.633; 22.450
Areal 473,4 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Imathía
Hovudsete Alexándria (15 042 innb.)
Demografi
Folketal 38 292 (2021[1])
Folketettleik 80,9 /km²

Alexándria (gresk Αλεξάνδρεια) er ein by og ein kommune i periferieininga Imathía i Sentral-Makedonía nord i Hellas. Han ligg aust for Véria og grensar i sør mot periferieininga Piería, i nord mot Pélla og i aust mot Thessaloníki. I søraust har kommunen ei stutt kystline mot Thermaikósbukta.

Administrativ inndeling

endre
 
Kart over kommunaleiningane i kommunen Alexándria. ██ 1 - Alexándria ██ 2 - Platý ██ 3 - Melíki ██ 4 - Andigonídes
 
Den tidlegare kommunen Alexándria, no kommunaleininga Alexándria

Frå 2011 omfattar kommunen Alexándria òg dei tidlegare kommunane Platý, Melíki og Andigonídes. Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 38 292 innbyggjarar, medan kommunaleininga Alexándria hadde 20 128 og tettstaden med same namn 15 042 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Alexándria Alexándria 14 821 15 042
Melíki Melíki 3 116 2 838
Platý Platý 2 083 1 658
Lianovérjo Platý 1 593 1 345
Loutrós Alexándria 1 277 1 248
Nisí Alexándria 1 379 1 220
Agathiá Melíki 1 270 1 136
Tríkala Platý 1 415 1 124
Klidí Platý 1 249 1 084
Stavrós Andigonídes 1 229 1 064
Koryfí Platý 1 227 956
Neókastro Melíki 889 740
Pródromos Melíki 815 721
Plátanos Platý 630 675
Kambokhóri Alexándria 690 620
Vrysáki Alexándria 669 599
Kefalokhóri Andigonídes 604 563
Nisélli Alexándria 653 560
Neokhóri Alexándria 536 529
Kavásila Andigonídes 632 519
Xenasméni Andigonídes 544 472
Paléo Skyllítsi Andigonídes 526 468

Referansar

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.