Periferieininga Piería
Περιφερειακή ενότητα Πιερίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Sentral-Makedonía
Hovudstad Kateríni
Folketal 119 384 (2021[1])
Areal 1 516 km² Rangering 42.
Folketettleik 79/km²
Kommunar 3
Postnummer 60x xx
Retningsnummer 235x0
Bilnummer KN
Heimeside www.pieria.gr

Periferieininga Piería (gresk Περιφερειακή ενότητα Πιερία, Periferiakí enótita Pierías) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Kateríni. Piería er den minste periferieininga i Gresk Makedonia. Namnet Piería kjem frå ei antikk stamme og det gamle antikke landet Pieris. Det ligg mange arkeologiske stader i Piería, som Dío, Pýdna og Platamónas. Fjellet Piéria ligg òg i Piería, heimstad for Orfeos og musene. Ólymbos, det høgaste fjellet i Hellas og trona til dei greske gudane, ligg på sørsida av Piería. Andre antikke byar er Livithra og Pimpleia.

Geografi endre

Piería grensar til Lárisa i Thessalía i sør og vest, Kozáni i vest og Imathía i nord. Fram til seint på 1900-talet låg Piería omkring landsbyen Élafos som var ein del av Imathía.

Piériafjella ligg i vest og Thermaikósbukta i aust.

Klima endre

Piería har hovudsakleg middelhavsklima med varme somrar og til dels kjølige vintrar. Dei sentrale og vestlege områda har vinterlege forhold i høgareliggande område.

Administrativ inndeling endre

Tidlegare var Piería eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Piería Pýdna-Kolindrós Pýdna 600 64 23510-7
Kolindrós 600 61 23530-3
Ejínio 603 00 23530-2
Methóni 600 66 23530-4
Kateríni Pétra 601 00 23510-8
Piérii 601 00 23510-82
Elafína 601 00 23510-92
Kateríni 601 00 23510-2 til 7
Paralía 601 00 23510-4
Korinós 600 62 23510-41
Dío-Ólymbos Dío 601 00 23510-51
Aust-Ólymbos 600 63 23520-3
Litókhoro 602 00 23520-8

Historie endre

Piería var ein del av Kongedømet Makedonia i antikken, og vart seinare ein del av Romarriket og Austromarriket. På 1300-talet vart det erobra av Det osmanske riket, som heldt til her i 500 år fram til den greske sjølvstendekrigen i 1821. Piería tapte derimot slaga og vart ikkje ein del av Hellas før etter balkankrigane i 1913. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia til området. Tidlegare var Piería ein del av Thessaloníki prefektur, men i 1947 vart området eit eige prefektur, frå 2011 ei periferieining. Piería opplevde økonomisk vekst i jordbruk og servicenæringa etter dette.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Kateríni Kateríni 55 997 56 961
Litókhoro Dío-Ólymbos 6 995 6 615
Ejínio Pýdna-Kolindrós 4 153 3 683
Leptokaryá Dío-Ólymbos 3 700 3 612
Korinós Kateríni 3 487 3 115
Kallithéa Kateríni 3 134 2 933
Perístasi Kateríni 2 545 2 367
Kolindrós Pýdna-Kolindrós 2 822 2 103
Platamónas Dío-Ólymbos 2 013 1 896
Karítsa Dío-Ólymbos 2 025 1 843
Svorónos Kateríni 1 948 1 842
Vrondoú Dío-Ólymbos 1 902 1 762
Kondariótissa Dío-Ólymbos 1 662 1 489
Makrýjalos Pýdna-Kolindrós 1 681 1 469
Ájos Spyrídonas Dío-Ólymbos 1 489 1 377
Néa Éfesos Dío-Ólymbos 1 564 1 328
Lófos Kateríni 1 496 1 323
Dío Dío-Ólymbos 1 130 1 120
Kítros Pýdna-Kolindrós 1 172 1 061
Andromákhi Kateríni 1 061 1 043
Paralía Kateríni 1 124 928
Ritíni Kateríni 1 138 890

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

40°15′N 22°25′E / 40.250°N 22.417°E / 40.250; 22.417

Kjelde endre