Alex Brinchmann

norsk lege og forfattar

Alexander Brinchmann (15. juni 188818. april 1978) var ein norsk forfattar og barnelækjar frå Oslo.

Alex Brinchmann

Pseudonym Roy Roberts
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1888
Christiania
Død

18. april 1978 (89 år)

Yrke skribent, lege, barnelege
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Born Arild Brinchmann, Helen Brinchmann

Biografi endre

Alex Brinchmann blei cand. med i 1912, og studerte barnesjukdommar ved Charité-sjukehuset i Berlin i 1913-1914. I 1921 vart han godkjend som spesialist i barnesjukdommar, og i 1922 vart han dr. med. Brinchmann gav ut ei rekkje vitskaplege artiklar innan pediatri, m.a. om nedkjemping av tuberkulose hjå born. I 1933 - 1934 var han formann i Norsk Pediatrisk Selskap, den noverande Norsk barnelegeforening. I tillegg til å jobba på Rikshospitalet ei tid, dreiv han privat lækjarpraksis i Oslo frå 1914 - 1972.

I 1927 debuterte han som skjønnlitterær forfattar under pseudonymet Roy Roberts. Dette pseudonymet nytta han i ei rekkje populære kriminalromanar han gav ut fram til 1971. Mann i gul frakk (1946) vert av mange halden for å vera den beste kriminalromanen hans.

Brinchmann gav også ut romanar under sitt eige namn, samt fleire skodespel. I hans komedie Karusell frå 1940 er det ein replikk som har gått inn i det norske språket som eit eige uttrykk, nemleg: «Piller og piller, fru Blom!» Piller vert i uttrykket bytt ut med det som passar for høvet.

Brinchmann fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1952. Han vart far til skodespelaren Helen Brinchmann og regissøren Arild Brinchmann.

Bøker endre

Kriminalromanar av Roy Roberts endre

  • 1927 – Bengt Bondes hemmelighet
  • 1927 – Mysteriet Steegener
  • 1928 – Hevneren
  • 1929 – Krebseklubben
  • 1930 – Det levende portrett
  • 1946 – Mann i gul frakk
  • 1947 – Skudd i ruten
  • 1955 – Elevatorsjakten
  • 1971 – Kiosken ved Grand

Andre romanar endre

  • 1931 – Deilig er jorden
  • 1933 – Dissonanser
  • 1936 – Så møtes vi imorgen
  • 1937 – Den rike mann
  • 1937 – Mannen som kom tilbake
  • 1939 – Veien frem

Dramatikk endre

  • 1937 – På fruktene skal de kjennes
  • 1940 – Karusellen - Komedie i 4 akter.
  • 1945 – Lykkelige ungdom - Skodespel i fire akter.
  • 1948 – Løgnen og lykken - To skodespel.
  • 1950 – Uten nåde - Høyrespel i 1 akt.
  • 1951 – De som meget har elsket - Høyrespel i 1 akt.
  • 1951 – Sørensen - Høyrespel i 1 akt.
  • 195X – Kontorprinsessen - Komedie i tre akter.
  • 1952 – Den som elsker sin far- - Skodespel i 3 akter.
  • 1954 – Lykkelige ungdom - Skodespel i tre akter.
  • 1955 – Gapestokken - Høyrespel.
  • 1955 – På fastende hjerte
  • 1957 – Grønn sofa - Radiohumoreske.
  • 1960 – 12-klubben - Høyrespel.
  • 1971 – Drømmen - Radioskodespel.

Medisinsk faglitteratur endre

  • 1921 – Om katalasereaktionen i fæces hos barn og dens betydning for diagnosen av barnets tarmsygdomme – Kristiania – Rikshospitalets barneavdeling.
  • 1925 – Om spædbarnstuberkulosens symptomoøogi og prognose – 4. Nordiske tuberkuloselægemøde.
  • 1929 – Barnets første år – Oslo – Gyldendal.
  • 1930 – Rapport sur les 8 premières années d'activité (1922-1930) de la Crèche de Aakebergveien à Oslo – Oslo.
  • 1937 – Normale barn fra sunde hjem – Norsk rikskringkasting - serieforedrag ; 15.

Anna endre

  • 1968 – Norske forfattere i krig og fred. Den norske forfatterforening – Utgjeven til 75-års jubileet til Forfatterforeningen 15. november 1968. Skriven saman med Sigurd Evensmo.
  • 1972 – Veien hjem : Fra hverdagslivets mentalhygiene.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre