Sigurd Evensmo
Sigurd Evensmo (14. februar 1912–17. oktober 1978) var ein norsk forfattar og journalist fødd på Hamar.
Sigurd Evensmo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. februar 1912 Hamar kommune |
Død |
17. oktober 1978 (66 år) |
Yrke | manusforfattar, journalist, skribent |
Språk | norsk |
Ektefelle | Randi Evensmo |
Sigurd Evensmo på Commons |
I ungdomsåra var Evensmo aktiv for Clarté og i kontakt med Mot Dag, men han melde seg inn i AUF og arbeidde aktivt der. Han byrja som journalistlærling i Hamar Arbeiderblad og fortsette sidan som journalist i fleire ulike arbeidaraviser, som Tiden,Tiden i Arendal, Fremtiden i Drammen og i Arbeidernes pressekontor, nå Avisenes Nyhetsbyrå i Oslo, og i 1939 byrja han i Arbeiderbladet. Under krigen var Evensmo aktivt med i motstandsarbeidet og han skreiv i den illegale avisa Bulletinen noko som førte til at han laut gå i dekning og flykta landet. Frå 1953 var han medlem i redaksjonen i Orientering. Han var filmkronikør i NRK frå 1948 til 1962.
Før krigen hadde han fått gitt ut eit skodespel, Konflikt i 1934. Den fyrste romanen hans kom ut i 1945, Englandsfarere. Handlinga i boka hadde bakgrunn i Evensmos eigne erfaringar frå krigen. Romantrilogien Grenseland (1947), Flaggermusene (1949) og Hjemover (1951) er eit hovudverk i den norske etterkrigslitteraturen og er ei sosial og psykologisk skildring av brytingane mellom lands- og bymiljø og av ein ung intellektuell arbeidarguts utvikling i mellomkrigstida. Evensmo fekk Kritikarprisen for bøkene, og på slutten av 1970-talet var triologien grunnlaget for fjernsynsserien Grenseland som vart laga av NRK. Romanane Gåten fra år null, Femten døgn med Gordona og Miraklet på Blindern kan alle katalogiserast som science fiction og Evensmo var blant dei første som skreiv i den sjangeren i Noreg. Han skreiv også manus til ei rekkje filmar, mellom anna til Line, bygd på Axel Jensens roman, og Bare et liv – historien om Fridtjof Nansen.
Prisar og utmerkingar
endre- 1951 - Kritikarprisen for romantriologien Grenseland, Flaggermusene og Hjemover
- 1973 - Aamotstatuetten
- 1976 - Gyldendals legat
- 1977 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Inn i din tid
Verk
endreBøker
endre- 1945 Englandsfarere, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1946 Oppbrudd etter midnatt, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1947 Grenseland, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1949 Flaggermusene, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1951 Hjemover, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1954 Glassveggen, novellesamling (Gyldendal, Oslo)
- 1955 Trollspeilet : streiftokt i film (Gyldendal, Oslo)
- 1956 Østenfor vest og vestenfor øst : Jugoslavia under Tito (Gyldendal, Oslo)
- 1956 Gåten fra år null, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1962 Femten døgn med Gordona, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1964 Feider og finter, kåseri og epistlar (Gyldendal, Oslo)
- 1966 Miraklet på Blindern, roman (Gyldendal, Oslo)
- 1967 Det store tivoli : film og kino i Norge gjennom 70 år (Gyldendal, Oslo)
- 1968 Norske forfattere i krig og fred : Den Norske forfatterforening 1940-1968 : utgitt til 75-års jubileet 15. november 1968, skreve i lag med Alex Brinchmann (Gyldendal, Oslo)
- 1969 Vold i filmene : ett års kinoprogrammer i Norge og noen perspektiver (Gyldendal, Oslo)
- 1970 Observasjoner, essaysamling (Gyldendal, Oslo)
- 1971 Den nakne sannheten : sex i filmene (Gyldendal, Oslo)
- 1974 Gyldendal og gyldendøler (Gyldendal, Oslo)
- 1976 Inn i din tid (Gyldendal, Oslo)
- 1978 Ut i kulda (Gyldendal, Oslo)
Dramatikk
endre- 1934 Konflikt, skodespel (Tiden, Oslo)
- 1952 Fredsprisen, høyrespel send av NRK Radioteatret 16. oktober 1952
- 1981 Stengetid, skodespel (Noregs Boklag, Oslo)
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Sigurd Evensmo hjå Nasjonalbiblioteket