Alexander Ødegaard

norsk fotballspelar

Alexander Ødegaard (fødd 13. september 1980 i Førde) er ein norsk fotballspelar. Han spelar for moderklubben Førde Fotball.

Alexander Ødegaard
Fødd 13. september 1980
Fødestad Førde

Ødegaard starta karrieren sin i heimklubben Førde. Der spelte han til sommaren 1999 då han vart kjøpt opp av Sogndal. Det var her Ødegaard verkeleg fekk fart på karrieren sin. Sesongen 2004 vart det store gjennombrotet. Sogndal rykte ned denne sesongen, men Ødegaard scora 15 mål. Han fekk dermed prøve seg på landslaget og vann Kniksenprisen.

Hausten 2004 vart Ødegaard seld til Rosenborg for ti millionar kroner. Ødegaard vart ingen suksess i Rosenborg og vart seld til Viking i 2006 for sju millionar kroner, den dyraste spelaren til Viking nokonsinne. I januar 2011 drog han til den franske klubben Metz. Der vart det nedrykk og lite speletid. Høsten 2012 signerte han for monderklubben, 11 år etter han drog til Sogndal. Intressen rundt han er endå stor.

Alexander Ødegaard har spela på aldersbestemte landslag sidan 1996. I februar 2004 debuterte han på A-landslaget, og hadde (per desember 2004) spelt fire A-landskampar og scora eitt mål.