Alf-Inge Håland
Alf-Inge Rasdal Håland (fødd 23. november 1972 på Bryne) er ein norsk fotballspelar og fotballeiar. Han er sportsleg leiar i Bryne FK. Kallenamnet hans er «Alfie». Håland er ein av av seks spelarar som har spela på det norske landslaget utan nokon gong å ha spela i den norske toppdivisjonen. Totalt spela Håland 34 A-landskampar.
Fødd | 23. november 1972 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stavanger kommune | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1990–1993 1993–1997 1997–2000 2000–2003 2012–2013 1990–2013 |
Bryne Nottingham Forest Leeds United Manchester City Rosseland Totalt: |
93 (7) 92 (8) 47 (3) 9 (1) 309 (23) | 68 (4)|
Landslag | |||
1994–2001 | Noreg | 34 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. mai 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2011 |
Klubbspel
endreHåland begynte fotballkarrieren i Bryne. Hausten 1993 signerte han for den engelske klubben Nottingham Forest. Han spelte seinare for Leeds og Manchester City, og deretter for Rosseland BK.
Landslagsspel
endreHåland fekk sin debut mot Costa Rica 19. januar 1994 i San Diego, ein kamp som enda mållaust. Han spelte VM-kampane mot Mexico og Italia under VM i fotball-1994. Fire år seinare kom han ikkje med i troppa til VM i fotball 1998. Etter juni 1999 fekk Håland berre ein landskamp, heimekampen mot Bulgaria 25. april 2001 vart han siste i landslagsdrakta. Han skåra ikkje for landslaget.
Merittar
endre- Tredjeplass i den engelske ligaen: 1995 med Leeds United