Kallenamn
Kallenamn er namn som ikkje er gjevne formelt, men blir brukte i tiltale eller omtale i visse samanhengar. Menneske, dyr, stader og ting kan ha kallenamn, og ein finn dei i ei rekke ulike samfunn, men dei er meir utbreidde i somme. Kallenamn kan lagast på ulike måtar, til dømes som kjælenamn eller aukenamn, etter eit standardisert mønster eller ved eit tilfelle. Dei kan ta utgangspunkt i formelle føre- og etternamn, stilling eller eigenskapar til den dei nemner. Kallenamn kan ganske enkelt vera ein måte å få lettare ord å seia på, men kan også brukast til å skapa samhald innan ei gruppe eller til mobbing. Medan kallenamn kan vera flyktiga, kan dei òg gå over til å bli faste namn.
Vanlege opphav for kallenamn
endreForenkla former og forkortingar av eigentlege namn er ein vanleg måte å skapa kallenamn på. Det kan til dømes vera vanleg å korta lengre namn namn ned til ei eller to stavingar (som «Joe» frå Joseph eller «Sanna» frå Susanna), eller å bruka førstedelen og ei typisk tilleggstaving som «-i» (som i «Kjelli») eller «-en» (som i «Leifen»). Lydane i namna kan også forenklast, som når Joakim blir til «Jokke» eller Karl blir til «Kalle». Språk kan ha ulike mønster for å forma kallenamn som etterkvart kan skilja seg frå det opphavlege namnet, noko ein mellom anna ser i britiske kjælenamn, der «Peg» kan vera ei form for Margaret og «Bobby» ei form for Robert.
Kjælenamn er særleg vanlege innan familiar og parforhald. Dei er ofte namn som høyrest koselege ut, anten ved ei positiv tyding eller gjennom lydar som gjer dei søte. Diminutiv og andre namn som gjer den omtalte «liten» er vanlege, til dømes «Vesla», «Baby» eller det eigentlege namnet saman med forstavingar som «Vesle-» («Lil'» på engelsk, «P'tit» på fransk) eller etterstavingar som «-ella», «-ette» og «-ino». Forenkla namn skapt gjennom barnespråk, til dømes «Dadda» eller «Totto», er også utbreidde. Visse faste ord blir mykje brukte som kjælenamn, til dømes «kjære», «tesoro» (italiensk for 'skatt') eller «honey» (engelsk for 'honning'), men det kan også oppstå mindre typiske namn som bygger på særlege hendingar.
Tilnamn er skildrande namn som kan gjevast innanfor ei gruppe, til dømes ein kameratgjeng. Dei kan visa til utsjånad eller evner (til dømes «Blondie» eller «Sterke-Per») eller noko ein minnest ved denne personen (til dømes Eirik Blodøks). Slike tilnamn kan ofte vera humoristiske og nokre gonger ironiske (Harald Hårfagre hadde uflidd hår). Tilnamn kan også oppstå ut frå hendingar, ordspel på namn eller liknande. Mange av dei kan vera fornærmande, som «Bolla» eller «Stilken».
Ofte blir kallenamn gjeve av andre enn personen som blir kalla, men ein kan også velja sitt eige kallenamn.
Dyrenamn kan vera bokstavelege kallenamn, namn som blir brukte til å kalla på dyr. Dei kan då ha ei særskild utforming som gjer dei lette for dyr å kjenna att.
Grunnar til bruk
endreKallenamn kan brukast av praktiske årsaker, særleg fordi eit namn er for langt eller for å skilja mellom ulike folk med same namn. Ein kan også bruka slike namn for å skjula identiteten sin.
Bruk av kallenamn kan også symbolisera ulike tilhøve, som avstand eller nærleik. Det å gje eller bruka eit kallenamn om nokon kan visa kjennskap, som at nokon høyrer til same gruppe eller har ei historie saman. Vaksne som kallar nokon med eit kallenamn dei hadde på skulen er eit døme på dette. Dersom nokon har eit innarbeidd kallenamn og ein vel å ikkje bruka dette, men i staden det fullstendige namnet, kan ein markera avstand.[1]
Kallenamn kan også brukast til å avvisa nokon eller ei oppfatting av dei. Bruk av kallenamn kan visa at ein ikkje bryr seg om nokon sin verkelege identitet, symbolisert gjennom namnet. Til dømes kan det vera sårande om ein bruker belasta klengenamn ut frå nokon sitt etniske opphav, som «boy» eller «Blackie» om folk med farga hud. Andre grunnar til å bruka kallenamn er for å fjerna noko av makta til den ein omtaler, som når djevelen og andre vonde makter er omfatta av namnetabu og i staden blir omtala som «Gamle-Eirik» eller «Old Nick».
Kallenamn kan innførast for å oppmuntra til ei viss oppfatting av nokon eller noko. Ein herskar kan til dømes gå inn for å få eit godt ettermæle og oppmuntra sogeskrivarar og liknande til å gje han positive tilnamn. Stader kan marknadsførast gjennom tilnamn, til dømes «Nordens Paris» for Tromsø.
Utbreiing
endreVisse miljø er meir kjende for å bruka kallenamn enn andre, og forsking tyder på at dei blir laga og brukt noko meir i maskuline miljø enn elles.[2] Ein kan finna velutvikla kallenamnsystem i mellom anna kostskular, militæret og innan idrettsmiljø. Kriminelle og andre undergrunnsmiljø, som motstandsrørsler eller hemmelege selskap, kan bruka kallenamn medvite for å gøyma identiteten sin.
I Romarriket blei kallenamn tekne i bruk for å skilja folk med like namn frå kvarandre. Desse namna, kjende som cognomen, blei stadig meir offisielle, og blei brukte som tiltalenamn og som namn i slektsgreiner. Fleire romarar er kjende for ettertida gjennom sine cognomen, som Cæsar (fleire moglege tydingar) og Cicero ('kikert').
I norrøn tid vart kallenamn brukt som tilnamn for å skilje folk frå kvarandre, sidan namneskikken med personnamn og farsnamn som skifta mellom kvar generasjon elles kunne føra til mange like namn. Kallenamna kunne spela på utsjånad og vera lite smigrande, som tilnamna til Harald Blåtann eller Erling Skakke. Andre kunne visa til særskilde evner eller handlingar, som nemningane til Einar Tambarskjelve eller Sigurd Jorsalfare. Elles var det vanleg å gje epitetar etter kvar ein kom frå, som Hårek frå Tjøtta.
I Europa i mellomalderen og seinare var tilnamn vanlege for å identifisera ein person, til dømes ut frå yrke (Smith, 'smed'), hårfarge (Brun) eller kvar dei kom frå (Scott, 'skotte'). Nokre av desse festa seg som offisielle slektsnamn.
Nokre former for media, særleg tabloidar, bruker ofte uformelle kortnamn (som «Moskva-Marit» eller «Gazza»), medan ein i mange internettsamfunn er kjend under lettskrivne namn (ofte kalla «nick» eller «handle») i staden for sitt verkelege namn.
Sjå òg
endre- Artistnamn
- Psevdonym (løyndenamn)
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Nickname» frå Wikipedia på engelsk, og «Cognomen» frå Wikipedia på engelsk den 18. januar 2009.
Fotnotar
endre- ↑ Vivian de Klerk, Barbara Bosch: «Nicknames as sex-role stereotypes[daud lenkje]», Sex Roles: A Journal of Research, Nov, 1996
- ↑ de Klerk og Bosch[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- tromsoby.no: «Kreative kallenavn» Arkivert 2009-10-11 ved Wayback Machine.. Nokre norske kallenamn for idrettsfolk og kriminelle.
- Edgar's Name Pages: «A Brief Discussion of Nicknames and Diminutives». Vanlege engelskspråklege kallenamn og korleis dei typisk blir laga.
- BBC magazine: «How you got your nickname». Døme på personlege kallenamn
- BBC Radio 4: «Teachers' Nicknames»