Opna hovudmenyen

Leeds United Association Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb. I 2010/2011-sesongen spelar dei i Football League Championship, det andre nivået i engelsk fotball, etter å ha rykt opp i 2010. Klubben vart stifta i 1919, og vart vald inn i The Football League i 1920. «The Whites», som er kallenamnet til Leeds United, spelar heimekampane sine på Elland Road i Leeds. Byen Leeds ligg i den engelske regionen Yorkshire og Humber, kring sju mil aust for Manchester og fem mil nord for Sheffield.

Leeds United
Leeds United-Galatasaray match in 20 April 2000.jpg
Fullt namnLeeds United Association
Football Club
KallenamnThe Whites
Grunnlagd1919
HeimebaneElland Road
(kapasitet: 40 242)
StyreleiarKen Bates
HovudtrenarMarcelo Bielsa
LigaFootball League Championship
2018/193. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

HistorieEndra

StartenEndra

Leeds United vart grunnlagt som ein etterfylgjar av den tidlegare klubben i Leeds, Leeds City. City vart ekskludert frå ligaen på grunn av ulovlege utbetalingar til spelarar i løpet av første verdskrig.

Tida under Don RevieEndra

Laget levde stort sett eit heistilvære mellom dei to øvste divisjonane fram til dei fekk den tidlegare engelske landslagspelaren Don Revie som manager, i mars 1961. På grunn av økonomiske problem i klubben hadde Revie ein tung 1961/62 sesong, og ein siger i siste kamp redda laget frå nedrykk til 3 divisjon. To år seinare var alt mykje lysare for klubben og Leeds var igjen klar for Englands øvste divisjon. Dei neste 10 åra kan skildrast som Leeds si stordomstid med mellom anna 2 ligameisterskap. I Revie sin siste sesong som manager spela laget dei første 28 seriekampane utan å tapa, og laget vart ofte kalla «Super Leeds» i denne tida.

Etter RevieEndra

Den neste manageren i Leeds vart Brian Clough. Han hadde hatt stor suksess med Derby County, men vart rekna som omstridd og fekk sparken i Leeds allereie etter 44 dagar. Klubben heldt seg i toppserien utover på 1970-talet, men hadde ikkje like gode plasseringar som dei hadde hatt under Revie. I sesongen 1981/82 rykte laget ned frå 1. divisjon og på 1980-talet vart dei verande i denne divisjonen. Howard Wilkinson, som vart tilsett som manager i oktober 1988, greidde å få laget attende til toppdivisjonen. Her gjekk det betre enn dei aller fleste hadde trudd og i 1991/92 hadde laget igjen vorte engelske ligameistrar. Klubben vart i den øvste divisjonen i 14 år før dei etter 2003/04 sesongen igjen rykte ned til det som då hadde vorte til Football League Championship.

MeisterskapEndra

  • Engelske ligamestarar: 1968/69, 1973/74 og 1991/92.
  • Vinnar av FA-Cupen: 1972.
  • Finalist i FA-Cupen: 1965, 1970 og 1973.
  • Vinnar av Ligacupen: 1968.
  • Finalist i Ligacupen: 1996.
  • Finalist i serievinnarcupen (før Meisterligaen): 1975
  • Vinnar av FA Charity Shield: 1969 og 1992.
  • Vinnar av FA Youth-cup: 1993 og 1997

Spelarstall 2010/11-sesongenEndra

Kjende spelararEndra

Leeds United sine managerarEndra

Manager Periode Manager Periode
Arthur Fairclough (1920-1927) Jimmy Adamson (1978-1980)
Dick Ray (1927-1935) Allan Clarke (1980-1982)
Billy Hampson (1935-1947) Eddie Gray (1982-1985)
Willis Edwards (1947-1948) Billy Bremner (1985-1988)
Frank Buckley (1948-1953) Howard Wilkinson (1988-1996)
Horatio Carter (1953-1958) George Graham (1996-1998)
Bill Lambton (1958-1959) David O'Leary (1998-2002)
Jack Taylor (1959-1961) Terry Venables (2002-2003)
Don Revie (1961-1974) Peter Reid (2003)
Brian Clough (1974) Eddie Gray (2003-2004)
Jimmy Armfield (1974-1978) Kevin Blackwell 05/2004 -
Jock Stein (1978)

BakgrunnsstoffEndra