Alf Magnar Strand
Alf Magnar Strand (fødd 1953) kjem frå Solund i Sogn, men har det meste av sitt vaksne liv budd og arbeidd i Masfjorden i Hordaland. Han har vore lærar, rektor og er oppvekstsjef. Av utdanning er han historikar og har skrive mykje lokalhistorie i årbøker o.a. Han begynte å gje ut lyrikk i vaksen alder, debuterte skjønnlitterært med diktsamlinga I leik med livet i 2009.
Alf Magnar Strand | |
Fødd | 1953 (71 år) |
Yrke | lærar, historikar, forfattar |
Bibliografi
endreBøker
endre- 1981 – Solund i fortid og notid : eit framlegg til undervisningsopplegg i lokalhistorie for grunnskulen (Bergen: Eige forl.). ISBN 82-7101-096-4 I fulltekst ved nb.no [Medforfattar: Odd Jan Lien ; teikningar Bjørg Lien Hanssen]
- 2009 – I leik med livet (Sandnes: Publica). ISBN 978-82-9278-971-1
- 2013 – Så glad i lyset (Sandnes: Publica). ISBN 9788282513432
- 2015 – Sommar i september (Sandnes: Publica). ISBN 9788282514538
- 2019 – Små bitar - stort bilde : dikt (Bergen: Bodoni forlag). ISBN 978-82-8403-033-3
I bøker - eit utval
endre- 1993 – Heimland : ei samling av 27 noveller (Førde: Firda). ISBN 82-992807-1-0 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Han som kom heimatt / Alf Strand, s. 26]
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Alf Strand hjå Publica Forlag