Firda
Firda vart grunnlagt i 1917 av Kristian Ulltang som eit bygdeblad for Indre Sunnfjord. Føremålet var å stå imot mediedominans frå Florø, som var den einaste byen i regionen.
Firda | |||
Type | Dagsavis | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1917 | ||
Første trykk | 1917 | ||
Opphald i produksjonen | NS-styrt frå 1942 - 1945 | ||
Målform | Nynorsk | ||
Regionavis for | Sogn og Fjordane (Kjerneområde: Sunnfjord) | ||
Eigarskap | Amedia (100%) | ||
Opplag | 11 634 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Firdavegen 12 | ||
Postnummer | 6800 | ||
Stad | Førde | ||
Ansvarleg redaktør | Kai Aage Pedersen (2018-) | ||
Nyhenderedaktør | Trond J. Grimeland (2011-) | ||
Kulturredaktør | () | ||
Nettstad | firda.no |
Firda har i seinare tid rekna heile Sunnfjord som nedslagsfelt. Avisa dekkjer i dag kommunane Sunnfjord, Kinn, Hyllestad, Gulen, Solund, Askvoll, Fjaler, Gloppen og Høyanger.
Redaksjonen held til på Øyrane i Førde. Historisk har den mellom anna halde til i Elvehuset i Førde Sentrum. Firda hadde tidlegare avdelingskontor i Dale, Florø, Høyanger, Askvoll og Sandane.
Avisa hadde i 2005 eit opplag på 14.008 aviser med i gjennomsnitt 35 sider, seks dagar i veka. Dette gjorde Firda til den største avisa i dåverande Sogn og Fjordane framom Sogn Avis. I 2020 var opplagstalet 11.724.
Per 2006 hadde avisa 65 årsverk delt på 75 tilsette, og selskapet hadde ein omsetnad på 73,8 millionar kroner. I 2019 omsette avisa for 63 millionar kroner, og hadde 31 tilsette fordelt på 30 årsverk.
Historie
endreFrå 1942 til 1945 vart Firda teken over av nazistar og driven av A/S Det Nye Firda med nazivenlege sympatisørar, innsette av Nasjonal Samling.
I 1990 kjøpte Avishuset Firda trykkeriet Øens prent og skipa Firda Trykk. I 1991 kjøpte selskapet seg inn i video-produksjonsselskapet Vest Vision med 37 % av aksjane.
Etter eit oppkjøp i 1996 har avishuset vore 100 % eigd av A-pressen ASA, no Amedia, og er i dag ansvarleg for Amedia sine marknadsaktivitetar i Sogn og Fjordane. Målsetnaden til selskapet er regional dominans av heile mediemarknaden i fylket.
I 1998 oppretta avishuset nettstaden firda.no og i 2007 radiokanalen Radio Vest. Avishuset er pilot i A-pressen si satsing på Origo.no i 2007. Det lokale namnet er Fjordaglimt.no.
Avishuset eig også Sogn og Fjordane Avistrykk som i 2006 omsette for 21,7 millionar kroner.
Saman med Firdaposten, Sogn Avis og A-pressen Lokale Medier AS starta Firda i 2007 selskapet Sogn og Fjordane Distribusjon AS.
Firda.no
endreNettstaden Firda.no blei lansert offentleg 1. februar 1998. Frå 1998 til 2005 var innhaldet først lokale nyhende frå avisa Firda sitt dekningsområde, og med annonser og diskusjonsforum. Frå 2006 vart dekningsområdet utvida til å omfatte alle kommunane i Sogn og Fjordane fylke.
I 2007 vart firda.no den største lokale nyheitsportalen i Sogn og Fjordane og vart same året kåra av Mediebedriftenes Landsforening til Årets lokale nyheitsnettstad 2006. Firda vart i 2019 kåra til «Årets mediehus» i Amedia-konsernet. Året etter vart avisa kåra til «Årets lokale nyheitsnettstad» av Mediebedriftenes Landsforening.
Firda har satsa mykje på digital vekst. Sidan slutten av 2014 har avisa rekruttert over 5000 betalande abonnentar. Ved utgangen av februar 2021 hadde Firda totalt 10.906 abonnentar. Vel halvparten av desse, 5463 abonnentar, er heildigitale.
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 14 628 |
2001 | 14 658 |
2002 | 14 499 |
2003 | 14 239 |
2004 | 14 108 |
2005 | 14 006 |
2006 | 13 979 |
2007 | 13 914 |
2008 | 13 875 |
2009 | 13 585 |
2010 | 13 330 |
2014 | 11 634 |
Redaktørar i Firda
endre- 1918-1920 Kristian Ulltang
- 1920-1921 Sigurd Aase
- 1921 Helge Gundersen og Samuel Knutson Sandnes (korte periodar)
- 1922-1924 Kristian Ulltang
- 1924 A.H. Refsdahl
- 1928-1942 Olai Nordeide
- 1942-1943 Jens Nederhagen (Sett inn av NS)
- 1943-1945 Halvor Vindsetmo (Sett inn av NS)
- 1945 Johan Djupevik
- 1945-1964 Olai Nordeide
- 1964-1983 Per Nordeide og Oddvar Nordeide
- 1983-1988 Oddvar Nordeide
- 1988-1990 Kjell Ove Nordeide
- 1990-1995 Rune Timberlid
- 1995-1998 Kjell Aga Ulvestad
- 1998-2003 Jarle Varpe
- 2003 Svend Arne Vee (konst.)
- 2003-2011 Jan Atle Stang
- 2011-2018 Yngve Årdal
- 2018 Marie Havnen (konst.)
- 2018- Kai Aage Pedersen
Kjelder
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Bakgrunnsstoff
endre- firda.no- nettstaden til Avishuset Firda
- NRK om Firda
- Nedslagsfelt for avisa Firda Arkivert 2007-08-06 ved Wayback Machine.