Alfred Bester
Alfred Bester (18. desember 1913–30. september 1987) var ein amerikansk science fiction-forfattar.[1] Blant dei mest kjente verka hans er romanen The Demolished Man frå 1953. Verket gav han den første Hugo-prisen som blei delt ut.[2]
Alfred Bester | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. desember 1913 Manhattan |
Død |
30. september 1987 (73 år) |
Yrke | romanforfattar, skribent, journalist, science fiction-forfattar, manusforfattar |
Språk | angloamerikansk |
Alfred Bester på Commons |
På norsk føreligg romanen The Stars My Destination (1956) som Mannen som ikke ville dø i omsetjing av Tor Edvin Dahl på Gyldendal Norsk Forlag i 1973. Dessutan er novella «They don't make life like they used to» omsett til «Siste par ut» for antologien Østenfor sol (Bokklubben 1969) og «Fondly Fahrenheit» til «Herlige Celsius» for antologien Jeg - en maskin (Gyldendal Norsk Forlag 1973).
Radioteatret sendte i 1981 ei dramatisering av The Demolished Man i form av høyrespelet Demolisjon.[3] Stykket var omsett og regissert av Nils Nordberg, og hadde blant andre Kai Remlov, Lise Fjeldstad og Sossen Krogh på rollelista.[4]
Referanser
endre- ↑ Internet Speculative Fiction Database om Alfred Bester
- ↑ The Hugo Awards si nettside om utdelingane i 1953
- ↑ Krimarkivet B-versjon på NRK sine nettsider
- ↑ Nettsida Radioteateret sender om stykket, arkivert frå originalen 1. februar 2014, henta 30. januar 2014