Lise Fjeldstad

norsk skodespelar

Lise Barbra Skappel Fjeldstad (fødd 17. juni 1939) er ein norsk skodespelar og instruktør.

Lise Fjeldstad

Fødd17. juni 1939 (84 år)
FødestadOslo
FødenamnLise Barbra Skappel Fjeldstad
Verka somskodespelar
FarØyvin Fjeldstad
EktefellePer Sunderland
PrisarAmandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Herman Wildenveys Poesipris, Oslo bys kulturpris, Per Aabels ærespris, Guldbaggen for beste kvinnelige hovedrolle

Fjelstad er fødd i Oslo som dotter av kapellmeister Øivin Fjeldstad (1903–1983) og Julie Antoinette Skappel (1910–1996).[1] Ho blei tilsett ved Nationaltheatret i 1975.

Skodespelarkarriere

endre

Lise Fjeldstad gjekk ut av Statens Teaterhøgskole i 1963. Same året blei ho tilsett ved Det Norske Teatret. Der spelte ho roller som Desdemona i Othello i 1966, Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun i 1967 og Hedda Tesmann i Hedda Gabler i 1971. Ho var tilsett ved dette teateret frå 1963 til 1971 og igjen frå 1974 til 1975 Frå 1971 til 1974 var ho tilsett ved Fjernsynsteatret, der ho tolka roller som Maja Rubeck i Naar vi døde vaagner, Ljoba Andrejevna i Kirsebærhaven og Nora i Et Dukkehjem, alle i 1973.

I 1975 blei Fjeldstad tilsett ved Nationaltheatret. Der spelte ho mellom anna spelt Blanche i En sporvogn til begjær (1975), Agnes i Brand (1978), tittelrolla i Friedrich Schillers Maria Stuart (1986), Martha i Hvem er redd for Virginia Woolf? (1988), Helene Alving i Gengangere (1993), mora i Draum om hausten (1999) og Den eldre kvinna i Svevn (2005).

Lise Fjeldstad har iscenesett fem oppsetningar av Reisen til Julestjernen på Nationaltheatret, og dessutan Dansetimen av Astrid Saalbach i 1987 og Til Julia av Margareta Garpe i 1989, begge på Nationaltheatret. I tillegg stod ho for iscenesettinga av Fru Inger til Østråt ved Riksteatret og Gengangere ved Teater Ibsen, begge i 2000. I 2001 iscenesette ho Yasmina Reza si Livet × 3 ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho har òg vore instruktør og programansvarleg for fem 17. mai-festmatinear. I 2002 iscenesette ho Ettermiddag av Jon Fosse på Riksteatret, og dessutan Medmennesket av Olav Duun ved Rogaland Teater. I 2004 iscenesette ho Den 25. timen av P.O. Enquist ved Det Norske Teatret og Riksteatret.

I 2006 spelte ho rolla som Johanne Paus, farmora til Henrik Ibsen, i NRK-miniserien En udødelig mann, som handlar om barndommen og ungdommen til Ibsen. Lise Fjeldstad har òg vore å sjå i ei rekke filmar og fjernsynsdrama. Ho er medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og styremedlem i PLAN Norge. Bror til Lise Fjeldstad er næringslivsmannen og politikaren Øivin Skappel Fjeldstad. Lise Fjeldstad var sambuar med skodespelaren Per Sunderland.[2]

Film og fjernsyn

endre
År Tittel Rolle Merknad
2008 Hvaler Liv Hansen TV-serie
2007 Størst av alt Beate Røst TV-miniserie
2006 En udødelig mann Farmor Johanne Paus Miniserie
2006 Mirakel Fru Eek Film
1993 Fortuna Wenche Knorr Løvdahl Miniserie
1988 Borgen skole Vera TV-serie
1985 Dragens fange Tyra Film
1985 Soldatene synger ikke lenger Hilda TV
1985 Galskap! Marianne Film
1985 Brennende blomster Rosa Film
1985 The Last Place on Earth Fru Nansen Miniserie
1981 Liten Ida Idas mor Film
1977 Dagny Dagny Juel-Przybyszewska Film
1973 Kirsebærhaven Ljubov Andrejevna TV
1973 Når vi døde vågner Maja Rubek TV
1973 Et dukkehjem Nora Helmer TV
1970 Antigone Ismene TV
1969 Klabautermannen Inger Film
1968 Hilsen fra Bertha Bertha TV
1968 Lille Eyolf Aasta Almers TV
1966 Afrikaneren Elin Film
1966 Sult Liten pike Film
1964 Marenco Bitten Rojansen Film
1964 Hallo Vikings! Hun Kortfilm

Prisar og utmerkingar

endre
  • Kommandør med stjerne av St. Olavs Orden 2014[3]
  • Gammleng-prisen, veteranprisen 2012
  • Oslo bys kulturpris 2008
  • Herman Wildenveys Poesipris 2006
  • Ibsen Centennial Award 2006
  • Henrik Ibsens Jubileumspris 2003
  • Heddaprisen 2006
  • Aase Byes Ærespris 2001
  • Kritikerprisen for Fru Alving i Gengangere (1993)[4]
  • Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden (1993) «for fortjeneste av norsk scenekunst.»
  • Radioteatrets pris «Den Blå Fugl» 1992[treng kjelde]
  • Per Aabels Ærespris (1992)
  • Amanda for beste kvinnelige hovedrolle i Dødsdansen for NRK-TV (1991)
  • Guldbaggen – for beste kvinnelige hovedrolle i Liten Ida (1982)
  • Medlem av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur

Kjelder

endre
  1. «Lise Fjeldstad». NRK / Grieg minutt for minutt. 
  2. Kvalvik, Bent (4. september 2015). «Per Sunderland». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 6. oktober 2018. 
  3. «Forfremmelse i St. Olavs Orden», kongehuset.no, 29. april 2014.
  4. «Mottakere av Teaterkritikerprisen». Kritikerlaget.