Alfred Elis Törnebohm

Alfred Elis Törnebohm (16. oktober 183821. april 1911) var ein svensk geolog. Han er mest kjend for studiet av overskyvinga av Den kaledonske fjellkjeda i Grunddragen af det centrala Skandinaviens bergbyggnad (1896), som er viktig for kjennskapen til geologien i Sør-Noreg.

Alfred Elis Törnebohm

Nasjonalitet Flagget til Sverige svensk
Statsborgarskap Sverige
Fødd 16. oktober 1838
Død

21. april 1911 (72 år)

Yrke geolog
Kjend for overskyving av Den kaledonske fjellkjeda
Språk svensk
Medlem av Kungliga Vetenskapsakademien
Alfred Elis Törnebohm på Commons

Etter studiar ved Kungliga Tekniska högskolan (KTH) 1855-1858, arbeidde han ved Sveriges geologiska undersökning (SGU) 1859-1873, frå 1870 som leiar av selskapet. 1873-1874 studerte han petrografisk mikroskopi ved Universitetet i Leipzig under Ferdinand Zirkel. I 1874 slutta han i SGU for halde fram som privat geolog og i mange år gjorde han geologiske undersøkingar for forskjellige svenske selskap. Han underviste i geologi og mineralogi ved KTH frå 1878 og hadde ei stilling som forelesar her 1885-1897. Han kom attande til SGU som leiar i 1897, etter Otto Torell og fekk tittelen professor. Han vart verande her fram til 1906.

Törnebohm vart vald til medlem av Kungliga Vetenskapsakademin i 1876.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre