Alfred Neuland (10. oktober 189516. november 1966) var ein estisk vektløftar som deltok i dei olympiske leikane i 1920 i Antwerpen og i 1924 i Paris.

Alfred Neuland

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Estland, Sovjetunionen
Fødd 10. oktober 1895
Walk
Død

16. november 1966 (71 år)
Tallinn

Yrke vektløfter
Høgd 166 centimeter
Alfred Neuland på Commons

Neuland vart olympisk meister i vektløfting under OL 1920 i Antwerpen. Han vann den nest lettaste klassen, lettvekt opp til 67,5 kg. Det var fyrste gongen i OL at løftarane vart delte inn i ulike vektklassar. Det var totalt fem vektklassar under OL i 1920. Han løfta samanlagt 257,5 kilo, 17,5 kg meir enn sølvvinnaren. I vektløftkonkurransen var det tre løft, rykk og støyt med éi hand og støyt med begge hendene. Det var 12 utøvarar frå 10 land i lettvektklassen som vart avvikla 29. august 1920. Fire år seinare, under OL i 1924 i Paris, kom Neuland på andreplass i vektløfting i mellomvekt.

OL-medaljar endre