Olympiske leikar

(Omdirigert frå Dei olympiske leikane)

Dei olympiske leikane er ei multi-sportshending som vert arrangert kvart 2. år. Opphavleg vart det halde i det gamle Hellas, men vart blåse til liv att av franskmannen Baron Pierre de Coubertin i slutten av det 19. hundreåret.

Dei olympiske ringane

Olympiske sommarleikar har vorte arrangert kvart fjerde år sidan 1896, bortsett frå under Den fyrste verdskrigen i 1916 og Den andre verdskrigen i 1940 og 1944. Olympiske vinterleikar vart fyrste gong arrangert i 1924.

Tidleg historie endre

Oldtida sine idrettsleikar vart haldne i Olympia i landskapet Ilía (Elis) ved Alfióselva på nordvestkysten av Peloponnes i Hellas.

Ein veit ikkje nøyaktig når leikane starta, men ei liste over sigerherrar går tilbake til 776 f.Kr. Mykje tydar på at leikane er enno eldre. Dei olympiske leikane var opphavleg ein religiøs fest til ære for dei greske gudane, spesielt Zevs. Fyrste dag av leikane var det difor ein stor fest til ære for Zevs og kona hans Hera. Dei tente eld på eit altar, og deltakarane ofra til gudane. I starten var det berre frie greske borgarar (menn) som kunne delta, seinare vart det opna for at grekarar som budde i koloniane kunne delta, samt romarar. Homer beskreiv premiane som bl.a. bronsegjenstandar, rustningar, hestar, kveg og kvinner.

Leikane vart arrangerte kvart fjerde år, og regelmessigheita førte til at ein på 200-talet f.Kr. byrja å kalle intervalla mellom leikane som "olympiadar". I starten konkurrerte dei i kapplaup, over ei stadionlengde, som var 192 meter. Seinare utvida dei til òg å springe to lengder, med vending midtvegs, og etter kvart opptil 24 lengder ("stadionar"). I deira femkamp var det sprintlaup (éi lengd), diskos, spydkast, lengdehopp og bryting. På den tida vart bryting avgjort på fallseier, men dei hadde òg ein variant som heitte pankration, der det var lov både å bite, knekkje fingrane til motstandaren og dra ut auga. Til liks med boksing heldt dei fram til ein av utøvarane ikkje kunne fortsette. Det var mange som vart hardt skadde, og somme døydde òg av skadane. Lengdehopp vart utført med spesielt forma steinar som lodd i hendene. Spydet vart kasta med ei slynge, ikkje direkte frå armen slik som i dag.

Andre øvingar dei hadde i antikken var boksing, langdistanselaup (4 800 m), riding og kappkøyring med hest og vogn. Dei konkurrerte òg i roping, musikk og springing med fullt krigsutstyr.

I dei antikke leikane var det slett ikkje viktigast å delta. Det einaste som talde var siger, og dei som tapte vart utsette for spott og spe. Tjuvstartar og ulovlegheiter vart straffa med offentleg pisking og utvising frå leikane. Frå det fjerde hundreåret f.Kr. vart juksemakarar òg bøtelagde, og pengane vart brukte til å reise statuar av Zevs.

Femte dagen av leikane var det premieutdeling og avslutningsfest.

Leikane døydde langsamt ut på 300-talet e.Kr. Dei vart arrangert siste gong 393 e.Kr., då dei vart forbodne av den romerske keisaren Theodosius (som kom til makta i år 381) på grunn av sin heidenske karakter. Grekarane protesterte på forbodet, men måtte gje seg.

Dei moderne olympiske leikane endre

OL-elden endre

Til liks med i dag, tende dei den olympiske elden i det antikke Hellas òg. Elden representerte kontakt med gudane. I fylgje gresk mytologi fekk menneska fyrst eld då Promethevs stal elden frå gudane for å gje den til menneska, for at dei skulle greie å utvikle eit kulturliv. Zevs vart sint då han fann ut dette, og straffa Promethevs ved å lenkje han til ei klippe der ei ørn hakka i levra hans, og han sende Pandora til menneska.

OL-elden vart fyrste gong innført i dei moderne leikane i 1928 (Amsterdam). Fyrste vinter-OL som hadde eld var i 1936 (Garmisch-Partenkirchen).

Sjølve OL-opningsseremonien med fakkeltenning av elden vart funne opp av nazisten Carl Diem og innført i sommar-OL i Berlin i 1936. Elden vart då tent i Olympia, og ein stafett med over 3 000 løparar brakte han til Berlin. Fyrste vinter-OL med fakkelstafett var i Oslo i 1952, då vart elden tent i Morgedal, skisporten si vogge.

Når elden skal hentast frå Olympia, vert han tent av sola ved at ein fakkel vert plassert i ein parabolspegel som samlar og forsterkar solstrålane.

OL-ringane endre

Nazistane greidde i 1936 ved hjelp av m.a. ein propagandafilm om Berlin-OL å innbille store delar av verda at symbolet med dei fem OL-ringane har sitt utspring i det antikke Hellas, men dette er seinare blitt avkrefta som ei myte. I verkelegheita er ringsymbolet oppfunne av baron de Coubertin og representerer samhaldet mellom dei fem verdsdelane som deltek i dei (moderne) olympiske leikane.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre