Vektløfting er ein idrett der ein løftar ei vektstong over hovudet. Ein tevlar i to øvingar, rykk og støt. Rykk handlar om å løfta stanga frå bakken i ei rørsle til strake armar over hovudet. I støyt skal ein løfta vekta til skuldrene. Dette kallast vending, så skal vekta støytast til strake armar i ei rørsle. Under tevlinga har løftaren berre tre forsøk i rykk og tre i støyt.

GIF-animasjon av eit rykk
GIF-animasjon av eit rykk
Per Hordnes har vunne kongepokalen i 2006, 2007 og 2008


Vektløfting i Noreg endre

Vektløfting er ein relativt liten idrett i Noreg. Idretten er lagt til rette for utøvarar i alle aldrar, og nokon er aktive til dei er over 70 år. I 2006 og 2007 vart Tormod Jensen (fødd 1926) europamester i vektløfting i veteranklassen 80+. På slutten av 1980-åra byrja kvinner å markera seg i norsk vektløfting. Gjennom 1990-åra og fram til i dag har kvinnedelen vore aukande. I 1972 tok Leif Jensen gullmedalje under OL i München.

Skadar endre

Vektløfting kan vera vanskeleg å læra for gutar etter fylte 16 år. Idretten krev at ein er mjuk i hofta, skuldrer og anklar, som hjå gutar ofte minkar etter tolvårsalderen, til forskjell frå jenter som ofte er mjukare lengre. Knea og ryggen er særs utsett for slitasjeskadar.

Doping endre

Denne idrettsgreina er kraftig belasta med doping. I 1992 gjorde det internasjonale vektløfterforbundet om vektklassedelinga, slik at dei gamle rekordane blei tilsidesatt.[1] I juni 2008 vart det kjent at elleve utøvarar frå det bulgarske landslaget hadde testa positivt under ei treningssamling.[2]

Referansar endre

  1. NRK sport: Dette er VEKTLØFTING
  2. nettavisen.no: Bulgarsk dopingskandale, arkivert frå originalen 30. juni 2008, henta 29. august 2008 

Bakgrunnsstoff endre