Alfred Udland
Alfred Udland (19. mai 1892–2. november 1945) var ein norsk lærar, skatteinspektør og politikar frå Sør-Audnedal. Han var stortingsmann i to periodar for Vest-Agder og Arbeidarpartiet.
Alfred Udland | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1892 Sør-Audnedal | ||
---|---|---|---|
Død | 2. november 1945 (53 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Gardbrukarsonen Udland gjekk 1909/10 amtsskulen i Vest-Agder og tok i 1913 lærarskule-eksamen i Kristiansand. Dei neste åra fram til 1917 arbeidde han som lærar ulike stader; Sør-Audnedal, Holum, Mandal, Risør. Sidan var han folkeskulelærar i Sør-Audnedal og deretter styrar av fylkesskulen i Spind. I 1935 fekk Udland stilling som skatteinspektør i Vest-Agder. Under okkupasjonen vart han i 1941 oppsagt og måtte flytte til Lillehammer, då skatteinspektør i Oppland. Etter frigjeringa i 1945 fekk han tilbake stillinga i Vest-Agder.
Udland var aktiv i lokalpolitikken, både i heimkommunen Sør-Audnedal og seinare i Kristiansand. Frå 1922 til 1935 var han heradsstyremedlem i Sør-Audnedal, varaordførar 1931-33. Også medlem i skulestyret og forliksrådet. I Kristiansand hadde han sete i formannskapet frå 1937 til han døydde hausten 1945.
Ved stortingsvalet 1927 vart Udland vald til stortingsrepresentant frå Vest-Agder fylke. Perioden 1928-30 hadde han plass i Finanskomiteen. Han vart ikkje attvald i 1930, men ved stortingsvalet 1933 lukkast han få den siste plassen frå Vest-Agder. Dei neste tre åra var han medlem i Helsekomiteen.