Holum

tidlegare kommune i Vest-Agder fylke i Noreg

Holum (Holme) kommune i Vest-Agder vart oppretta i 1837 som Holme kommune. I 1911 vart namnet endra til Holum. I 1964 vart Holum slått saman med Mandal by, Halse kommune og Harkmark kommune til Mandal kommune. Områda Stubstad og Svalemyren i Holum vart samstundes tillagt Søgne kommune. Siste ordførar i Holum kommune var Kåre Kvidbergskår. Holum ligg nord og aust for Mandal, og tettstaden Holum ligg om lag 10 km nord for sentrum av byen. Holum kyrkje ligg på vestsida av Mandalselva. Søren Jaabæk og Bent Røiseland var frå Holum.

Kjente personar frå Holum

endre